frå papirarkivet

Jorda skjuler mykje rart, og fleire har oppdaga at metallsøking er spennande. Frode Tangen Jacobsen kjøpte sin første metalldetektor for tre år sidan og blei hekta på flekken. Dottera Kaja følgjer i faren sine fotspor, og har alt fått sin eigen metallsøkar. Foto: Kari Haukås
Jorda skjuler mykje rart, og fleire har oppdaga at metallsøking er spennande. Frode Tangen Jacobsen kjøpte sin første metalldetektor for tre år sidan og blei hekta på flekken. Dottera Kaja følgjer i faren sine fotspor, og har alt fått sin eigen metallsøkar.

Skattejakt i Straumen

Frode Tangen Jacobsen (45) ser konsentrert ned i bakken. Tett bak svinsar dottera Kaja, tydeleg oppteken av jord og grastuster ho også. «Den som leitar, han finn», blir det sagt, og det gjeld ikkje minst for dei som leitar med metallsøkar.Saka var på trykk i Sommarvind 2015.

Publisert Sist oppdatert

Retningslinjer for bruk av metall-detektor

  • Bruk ikkje metallsøkar på freda grunn. Set deg inn i retningslinjene i Lov om kulturminne.
  • Meld frå om funn av mogleg arkeologisk interesse til fylkesarkeolog eller ansvarleg museum. Ikkje vask, reins og gni ein gjenstand som du trur kan vera innleveringspliktig.
  • Hugs innleveringsplikt på før-reformatoriske gjenstandar (eldre enn 1537), samt på myntar eldre enn 1650. Innleveringspliktige myntar kan overlatast direkte til Universitetet sitt myntkabinett i Oslo.
  • Bruk ikkje metallsøkar utan løyve frå grunn-eigar.
  • Ver varsam dersom du kjem over militære eksplosiv. Merk deg staden, og meld frå til politiet.
  • Ver varsam ved graving i område med mykje skrap. Knust glas og skarpe gjenstandar kan påføra deg skade.
  • Ta med deg alt oppgravd metallskrap og kast det forsvarleg i avfallsdunk.
  • Ver nøye med fylling av hol etter graving. Det bør ikkje visast i eit område når du har vore der.
  • Når du er ute med metallsøkaren er du ein ambassadør for alle med same hobby. Ver hjelpsam dersom nokon treng di hjelp. Vis omtanke og gå varsamt fram.

Kjelde: Norsk Metallsøkerforening

Metalldetektor

består av ein radiosendar og ein radiomottakar med kvar si sirkulerade antenne i søkjehovudet. Eit radiosignal blir konsentrert ned i bakken og blir reflektert tilbake til mottakaren dersom det treff metall. Metall reflekterar radiosignal og det er denne eigenskapen metalldetektorar utnyttar.

Kjelde: metallsoker.no

– Dagens fangst er liten, men Frode Tangen Jacobsen har tidlegare funne fleire skattar. Dagen før fann han til dømes ein gamal sølvring på ei dyrka grasmark her i Straumen.

– Å rusla rundt på eit jorde som har vore i drift i mange hundre år, det er reine meditasjonen, og balsam for sjela i ein elles stressa kvardag, meiner sveibuen. Han starta med hobbyen for tre år sidan. Då hadde kjøp av detektor vore ein draum heilt frå barndomen.

Metallsøking er ein kjekk hobby som passar for alle, og som opplever sterk tilvekst av utøvarar her til lands. Miljøa blir større og det blir stifta stadig vekk nye foreiningar og klubbar, som igjen arrangerer møte og felles detektor-turar.

– Du vil bli overraska over kor mykje myntar, smykke og andre spennande ting frå fortida som ligg rett under føtene dine, fortel Jacobsen. Nyleg høyrde han om ein austlending som hadde funne eit nedgrove smykkeskrin. Historia florerer på nettet, det er mistanke om at det kan vera stolne smykke. Men det er også håp om å finna rette eigar.

Det aller gjævaste sveibuen har funne ligg i ein plastpose merka «Tjernagel». Skatten er ein tynn-tynn sølvmynt, handbanka med inskripsjonen Dronning Elisabeth 1.

Kulturminnelova i Noreg seier at gjenstandar frå før 1537, og myntar eldre enn 1650, er staten sin eigedom. Alle som finn noko som er så gamalt er altså pliktige til å levera det til staten. Det betyr at mynten skal sendast til Bergen.

Frode Tangen Jacobsen og dotter Kaja.

– Lovverket er svært viktig for oss. Derfor er det lurt at metallsøkjarar melder seg inn i foreininga slik at dei får informasjon om retningslinjene, seier Jacobsen.

Skattane han har bak i bilen i ein orange plastboks derimot, kan han behalda med godt samvit. Alt saman blei funne i løpet av ein fire timars leitetur dagen før i Straumen.

Då fann han blant anna eit pipelokk, ein muleg kisteskrue eller kanskje mest sannsynleg ein justeringsskrue til skavehøvel, og ein femøring frå Oskar den 1. si tid.

– 10-øringar i sølv er også kjekke å finna, desse er frå byrjinga av 1900-talet, smiler finnaren.

Dette er altså historietime på kjøpet, og Jacobsen har lært seg heile kongerekka.

Kaja Jacobsen viser stolt fram dagens fangst: 2x10 øre (1913/1915), 5-øre Oscar 2. (1898), dansk 5 øre (seint 1800), 5-øre Haakon (1922). Halv skilling 1867. 2 skilling (1810), 1 skilling dansk (1771) (ein såkalla lukkeskilling som blei kasta på markene for å få god grøde).

Rust og sølvpapir bryr han seg ikkje om, men diverre gir også dette utslag med lyd på detektoren. Ja, sjølv for eit trent øyra er det ikkje alltid lett å skilja ut desse frå andre ting. Nokre konstante lydar gir derimot ganske sikre haldepunkt på at det kan blir eit interessant funn. Men det er først når jord er opna og tingen kjem opp til overflata at ein kan slå fast om det er skrap eller verdiar. Det er ikkje gull alt som blenkjer.

– Eg søkjer alltid ekstra godt rundt steinar der folk har sete og kanskje mista noko. Der er det størst sannsynleg å finna noko, smiler den lokale Askeladden.

Steinen er ikkje så stor, men historia er lang.
Powered by Labrador CMS