frå papirarkivet

Unknown

Segnet om Smørskjer

Saka var på trykk første gong i Vestavind 28. juli 1988 og seinast i Haustvind 2016.

Publisert Sist oppdatert

Rød/Drange:Før i gamle dagar vart smør og mjølk frakta frå gardane til større plassar, der det fanst folk som ville kjøpa det. Når det gjaldt gardane på Rød og Drange, vart smøret frakta med båt gjennom Rødspollen over Kuskitehavet og vidare, som oftast til Bømlo.

No var det ein kald og ufyseleg haustdag i 1874 at han Ola frå Drange hadde teke seg jobb for å skyssa smøret. Båe mora og kjærasten hans hadde åtvara han mot å dra ut i båten i slikt vêr, men sta som han Ola var, så bar han smørkassane ut i båten, løyste fortøyinga og la i veg.

Sjølv om sjøen ikkje var heilt roleg gjekk det ganske bra med han, heilt til han kom ut i Storestraumen. Der var bølgene over ein meter høge, og båten vogga noko aldeles forskrekkeleg. Plutseleg glapp den eine åra. Då han skulle lena seg over rekka for å få tak i ho, glapp den andre og.

No var han utan årar og vinden jaga som aldri før. Kva skulle han gjera? Han fekk ikkje tenkt tanken ut før med eitt høyrde han eit brak, og skjøna med ein gong at no hadde båten støytt på eit skjer. Og det var nett det som hadde skjedd. Det hadde vorte eit stort hol i båten, og vatnet fossa inn. Alt han prøvde å tetta holet, så nytta det ikkje.

Ola drukna og smøret for ned saman med han. Men noko av smøret må likevel ha festa seg på skjeret, for sidan har det alltid vore gult. Difor har det fått namnet Smørskjer.

Kjelde: Vestavind 28. juli 1988

Powered by Labrador CMS