frå papirarkivet

Samleobjekt frå 80-talet

I perioden 1983-1992 gav Sveio Lions Club ut tallerkar med lokale motiv.Saka var på trykk i Haustvind 2016.

Publisert Sist oppdatert

Salet stod medlemmene for, og danna inntektsgrunnlag for arbeidet. Kvart motiv er trykte i 250 eksemplar, og prisen for ein Sveio-platte var kroner 120.

Enkelte var meir ettertrakta enn andre, motiva frå 1983, 1985 og 1986 er utselde. Erve bru er delvis murt opp av gråstein og stod ferdig i 1919, er den einaste av sitt slag i Sveio, men motivet slo ikkje an blant samlarane. Heller ikkje portrettet av Fartein Valen – kanskje fordi tallerkenane hadde bilde av bygningar? Til kvar tallerken som vart seld, følgde historia til staden med.  Dei første seks motiva er teikna av Axel Lyngholm, dei fire siste er signert Bjørn Møllerhaug.

På Gjenbruksløa er desse samleobjekta stundom å få tak i. Det er 24 år sidan siste tallerken kom ut, men framleis har Sveio Lions eit lite lager igjen, som skal selgjast til noko redusert pris. Dersom ein er interessert kan ein tak kontakt med Torstein Gramshaug.

1983: Ryvarden Fyr.
1984: Einstadbøvoll gard.
1985: Førde: Den første bussen ved Robbestadsmia.
1986: Sveio kommunehus 1926.
1987: Fartein Valen.
1988: Erve gamle bru.
1989: Tjernagel.
1990: Valevåg.
1991: Mølstrevåg.
1992: Ramnafloke – Smørsund.
Sveioplatten bakside.
Powered by Labrador CMS