frå papirarkivet
Tidenes fødselsrekord i Sveio
– Me skriv historie!
Sveio skriv historisk fødselsrekord: Heile 78 babyar – 40 jenter og 38 gutar – kom til i løpet av 2010. Frå papirarkivet 3. februar 2011.
Av dei nye sveibuane kjem 25 frå Sveio sentrum, 9 frå Valestrand (krinsen), 10 frå Førde, 7 frå Auklandshamn, 9 frå Lid/Våga, 13 frå Vikse/Ekrene, 5 frå Bua/Tjernagel.
Leiande helsesøster i Sveio, Grethe Natås, har tidlegare dratt ein spøk om at babyane kjem trillande utav kommodeskuffene.
Barselgrupper
– Så enkelt er det nå ikkje, ler småbarnsmødrene som Vestavind snakka med på tirsdag om korleis ungane veltar fram frå skuffer og skap i alle delar av kommunen.
Sveio helsestasjon har hatt stor suksess med foreldreveiledningsgruppene sine. Oppslutninga er på heile 78,5 prosent. Vestavind møtte barselgruppe nummer 9 av totalt 10, beståande av åtte mødrer og deira babyar, på Sveio helsestasjon på tirsdag. I samla flokk gjekk heile gjengen opp på ordføraren sitt kontor og helsa på. Det var gjensidig glede.
Natås har lært seg til å vera ekstra forsiktig med dørene når så mange smårollingar som skal inn og ut på helsestasjonen.
– Her går det unna
Når ho skal oppsummera den første månaden dette året kjem ho til seks jenter.
– Nei, det er 7, – det kom ein gut i natt, rettar Elisabeth L. Sørensen.
Ho har vore inne på Facebook i dag tidleg, og fått med seg at ein arbeidskollega av henne har nedkome med ein baby i løpet av natta. Då må alle le, for dette er verkeleg morosamt.
– Her går det verkeleg unna, medgir helsesøtera.
Ordførar Jorunn Skåden fortel at ho for 19 år sidan fødde tvillingjenter, og på den tida var det tre tvillingpar i kommunen. Det gjorde sitt til at det blei starta ei tvillinggruppe på helsestasjonen som ho deltok i.
Bestemor til tre
I dag er Skåden bestemor til tre små i alderen 4 år -3 månader. Og det var ingen tvil at Sveio-ordføraren har eit godt lag med smårollingar. Aller helst kunne ho hatt lyst til å halda heile bunten, men måtte ta imot dei ho fekk plass til på fanget.
– I ettermiddag skal eg møta ein delegasjon som kjem frå heile Haugalandet, då skal eg jammen med fortelja om dette koselege besøket, sa ho begeistra.
– Vesle Wilhelm er veldig glad for at du sparte skulen han skal gå på, seier mamma Marie Elisabeth Jacobsen Monkleiv henvendt til ordføraren, før heile troppen vandrar nedover trappene i det nye kommunehuset.
Sveio helsestasjon hadde i fjor 2267 konsultasjonar for barn frå 0-6 år. Det er ein auke på 300 stk i høve til i fjor. 2229 konsultasjonar med skuleborn, (det er 430 fleire enn i fjor), 2150 telefonkonsultasjonar, 126 undervisningsgrupper på skular, og 482 konsultasjonar hos jordmor, noko som er 200 fleire enn i fjor.