frå papirarkivet
Liket som dreiv i land i Naustvikjo like før jul i 1918
Like før jul i 1918 dreiv eit lik i land i Valestrand. Bygdefolket hadde gravferd for mannen ingen visste kven var, men han vart ikkje jordfesta i bygda.Saka var på trykk i Haustvind 2016.
Helge Ingemann Haugsgjerd gav i 1988 ut ei bok med minne frå barndomstida. Det er han som har gjengitt historia i boka «Tidsbillede», der du kan lesa heile historia og fleire til.
Like før jul i 1918 dreiv eit lik i land i Naustvikjo i Valestrand. Det var kveld, og mørkret var i ferd med å ta over for dagen.
Bygdefolk frakta liket på ei dør tvers over ein robåt, og slik vart han boren i land og lagt i Haugenaustet. Liket var av ein sjømann. Mennene tok luene av og stod stille rundt den døde ei stund, før ei salme steig opp mot taket i det låge naustet.
Denne salma var kjend, for den blei alltid sunge i gravferder, medan frammøtte stod omkring den opne kista, før loket vart spikra på. Dagen etter kom lensmannen og distriktslegen for å foreta likskue, som det heitte den gongen. Den omkomne hadde verken lommebok eller papir som kunne fortelja kven han var. Eit merke på skjorta kunne tyda på at den i si tid var kjøpt i ein by på Nord-Vestlandet.
Skjorta og det som var att av buksa og genseren, blei tatt av og sendt til politiet i byen. På grunn av tilstanden måtte liket så snart som råd komma i kiste og grav, det hadde vore på sjøen lenge og drive langt. Ein antok at mannen høyrde til på ein båt som tidleg på hausten var blitt minesprengd og sank vest for Utsira. Dette viste seg å vera rett.
For forfattaren, som då var rundt 7 år, var gravferda eit av dei sterkaste minna frå barndomen. Folk var kledd for helg, langvogna som kista skulle setjast på var pynta med einar og kristtorn. Den heimelaga kista var svartmala og utan pynt, men det låg eit norsk flag over den.
Før ferda til kyrkjegarden var det song, og kjøgemeistaren i bygda las frå salmeboka.
For kvar gard langs ruta var det strødd med einer og furubar, og på desse stadane stansa likfølgjet og song ei salme. Den ukjende sjømannen kunne ikkje jordfestast med det same, for lensmannen meinte at tøyrestane ville kunne kjennast att av pårørande. I så fall måtte han flyttast til heimstaden og jordfestast der.
Det var fleire omkomne sjøfolk frå byen på Nord-Vestlandet i 1918, men ingen andre en denne kunne har drive frå havet inn gjennom Bømlafjorden og fram til Valestrand. Då ei hustru fekk melding om at mannen hennar var sakna etter forliset ved Utsira, var det ikkje tvil. Mannen var kristiansundar, og dei blei han sendt i ei kiste av sink kort tid etter.