frå papirarkivet

– Dette med isknusing var svært spennande å sjå på, minnest Inga Ruth Tordal f. Sandvik, oppvaksen i Straumen, no busett i Bergen.
– Dette med isknusing var svært spennande å sjå på, minnest Inga Ruth Tordal f. Sandvik, oppvaksen i Straumen, no busett i Bergen.

Issaging på Mørkevatnet

Produksjon og omsetnad av naturis er ei næring som for lengst høyrer fortida til. Men kvar vinter, i tidsrommet 1906- 1940, var det stor aktivitet ved Mørkevatnet i Sveio.Saka var på trykk i Vestavind 22. desember 2016.

Publisert Sist oppdatert

86 år gamleInga Ruth Tordal har budd i Bergen i 65 år, men minnes godt barndomsåra i Straumen. Ho vaks opp som nest eldst i ein søskenflokk på seks, foreldra var Kristoffer og Haldis Sandvik. Ungane var ikkje gamle før dei utforska nærmiljøet. På beksaumstøvlar sprang Inga Ruth og den eitt år eldre broren hennar, Ivar, ut til Mørkevatnet for å forvita seg. Plassen høyrer til Straumen Br. nr. 1, der ho vaks opp.

– Dette med isknusing var svært spennande å sjå på, fortel Tordal. Ho minnes at for å få vatnet til å stiga, stengde dei ei luke. Då isflaka kom sigande stod arbeidskarane klare med sleggene sine og slo isen sund. Deretter blei isen slusa ned i ei kvern som knuste isen i mindre bitar. Til sist blei isen ført ombord i ein lekter som igjen blei slept til eit fryseri i Haugesund.

– Dette med isknusing var svært spennande å sjå på, minnest Inga Ruth Tordal f. Sandvik, oppvaksen i Straumen, no busett i Bergen.

Stemmen blei bygdrundt 1906 for å demma opp Mørkevatnet. Det seier seg sjølv at produksjonen av naturis var ein sesongprega geskjeft, med toppaktivitet i samband med sildefiskeria. Isen gjore det mogleg å senda fersk sild til mottakar langt vekke.

– Bror min Ivar var med litt, han jobba ikkje for betaling, det var mest for moro skuld, fortel Inga Ruth. Kameraten til Ivar, Trygve Studsvik, var som regel også med.

– Dei to var som erteris, mange trudde dei var tvillingar. Eg kan minnast ein gong Laurits Strømsvoll, ein av issagarane, stod ute på vatnet og hakka is. Då var det at Ivar og Trygve var ute med fantestrekane sine og hakka laus isen i ein ring slik at Laurits blei ståande på eit isflak. Det gjekk bra, ler Inger Ruth.

Tre av dei ho meiner var med i arbeidslaget på den tida ho var jentunge var Karl Strømsvoll, og brørne Severin og Reidar Vikse.

Det knyter seg også andre minne til Stemmen for borna i Straumen. På slutten av 1940-åra, i dei tider det var tørke og kjelda vart tom for vatn, vaska dei kler her ved Stemmen. Mellom jernstengene knyta dei tau, og vips så var klessnora på plass. Og mens tøyet tørka i vinden, var tida komen for leik og matøkt. Først på seine ettermiddagen tok dei fatt på heimvegen, og då var kleda så godt som tørre.

To fundament er støypt på utsida av Stemmen. Ved det eine var det ei diesel (solar) driven kvern, ved det andre var renna som førte isen i båt/lekter. Måten det blei produsert naturis på var ved å saga ut, eller slå laus blokker med slegge, for så å frakta isen med straumen til renna/kverna. På bildet er ei gruppe frå Sveio Turlag på veg til Krokane.

Ole Vikse, busettpå Vikse, hugsar også godt kverna som var montert på fjellet der det blei mole is. Han har også høyrt om mina som rek inn i Kvernevika og gjorde skade på muren.

– Det var under ein storm rett etter at krigen var slutt i 1945, då rek ei mine i land og noko av muren blei øydelagd, fortel Vikse, som ofte passerer Kvernevik når han er ute med båten sin.

Illustrasjon: Erling Vallestad

Før fryseboksensi tid har det vore fleire slike demningar langs norskekysten. Naturis som blei produsert i slike anlegg som ved Mørkevatnet vart brukt til ising av forskjellige matvarer. Det var og eigne ishus til å lagra naturis i blokker. Det vart brukt sagflis/spon som isolasjon og for at isen ikkje skulle frysa saman.

Powered by Labrador CMS