frå papirarkivet
Til minne om dei som fall i 2. verdskrig
Først på dødslista
Saka var på trykk i Haustvind 2016.
22. januar 1940. DS Sydfold av 1918 er på veg frå Kristiansand til Newcastle, snautt tre månadar før landet blir okkupert. Ombord er fyrbøtar Hans Tveitastøl frå Sveio. 26-åringen sørgjer for at det er nok brensel til å halda dampen oppe i dei to kjelane, omgitt av sveitte og varme, men det går jamt på fram – dei reiser i ballast, og nærmar seg hamna i Tyne.
På same tid er korvettenkapitän Jürgen Oesten i farvatnet. Han er på alder med Tveitastøl, og skal om kort tid seinka sitt første skip. Kanskje får mannskapet auge på eit periskop eller fangar opp lyden av ein dur frå skutesida. Kanskje kjem det heile brått på.
D/s Sydfold er i sikte. Ein torpedo trengjer seg inn i metallet. Tveitastøl og tre andre fyrbøtarar vart truleg drepne momentant då ubåten U 61 torpederte skipet utanfor Orknøyane, Skottland. Fem av mannskapet omkom denne måndagen, 19 blir redda. Oesten seinkar ytterlegare 18 skip i krigen.