frå papirarkivet

Førjulskos på Bua

Ivrige hender tova små datatroll, klipte og limte nissekoner og bakte så mjølet fauk på juleverkstaden til Bua kvinne- og familielag. Nede freista utstillarane med sine produkt, og praten gjekk rundt bordene.Saka var på trykk i Vestavind 11. desember 2014.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har laga ein til, men den har eg smakt, seier Olaf Bua (6,5). Han er ferdig på bakestasjonen, og viser fram eit hjarte og ei knekt peparkakekone. No leikar han butikk. Bakerommet er vanlegvis ei avdeling i barnehagen, der han gjekk før han blei skulegut.

Ved bakebordet jobbast det ivrig med kjevling og utstikking.

– Vil du har meir deig? spør Henny Brügger, som er ein av dei vaksne på stasjonen.

– Ja! seier Maria Gram Nordvik (6) kjapt. Ho kjevlar den brune deigen flat, finn seg ein figur og trykker til. Ved sidan av sit søskenbarnet, Hanna Økland Semb (snart 4). Det er godt å ha mormor Inger Økland i nærleiken, som sørgjer for at det er framgang i arbeidet til dei to barnebarna.

Inne på eit anna rom er det andre aktivitetar.

Astrid Brügger Høyland trillar og trillar ein gul ulldott i handa si.

– Eg lagar datatroll med ull, vatn og såpe, fortel 11-åringen. Ho gir ikkje slepp på ballen, som til slutt skal bli hard og stødig.

– Ein må halda på med det i 10 minutt, opplyser mentor Hanne Ingebrigtsen. Mange fargerike datatroll med open munn, auger og kanskje ei lita tann i munnen blir produsert. Kanskje nokre blir å finna under juletreet?

I Bua kvinne- og familielag er det mellom 30-35 medlemar, mest kvinner, men og nokre menn. Dei mest kjende aktivitetane laget steller i stand, er 17. maifeiring. Det er og dei som står for middagen etter Prestavegsturen som Buaspeidarane arrangerer 2. påskedag.

– Elles har me kurs og aktivitetar for medlemane, og gir stønad til kyrkja og andre, fortel Astrid Hovda. Laget er ope for alle, både unge og eldre, arrangementa likeeins.

– Det er innfallsporten til å bli kjend her, seier Hovda.

Powered by Labrador CMS