frå papirarkivet
TRIPP, TRAPP
Eventyrskatten på Tussatre
Traskar du deg ned trappene til ein landstad på Fjon, kan du rett som det er risikera at både marg og bein blir knust. Eit fælt troll med lange tær og hår på kroppen må passerast før du kan setja dine føter ved hytta på Tussatre.Saka var på trykk i Sommarvind 2014.
Dei tre bukkane bruse lengta etter grøne enger og saftig gras etter ein skral vinter. Eventyret er eit av dei mest kjende i landet, men det er ingen som veit kor denne setra er – eller var. Kanskje den finst nærmare enn du trur?
Personane bak det vesle eventyrstykket er Mildred og Arne Aasen. Dei har feriert på Tussatre store delar av livet. Hytta eig dei saman med Mildred si syster, Anne Marie Hermansen. Far deira, Egil Tveit, frå Tveit i Sveio, eigde i si tid Litlafjon.
Eigedomen blei seinare selt til familien Matre, men eit stykke ville dei behalda – Tussatre.
Samarbeid
Her blei det rundt krigstida bygd eit skur av bord frå sildekassar – kassabord.
– Det var små greier, med det var eit loft med stige opp, der me ungdommane kunne vera, minnest Mildred, som er oppvaksen i Skåredalen.
Tidleg på 90-talet blei den vesle hytta riven, og ei ny hytte blei reist.
Det var då tanken om ei bru dukka opp. Skulle ein halda fram med trapper ned til hytta, eller gjera noko annleis?
– Det er Mildred som har hatt idéen og vore arkitekt, fortel Arne.
Han har på ein måte vore prosjektleiar, med sine kunnskapar og trivsel som frimurar.
– Men me har jobba godt i lag, legg han til, med glimt i auga.
Han var ikkje heilt med på kor kona ville med denne brua, som måtte ha bue, i starten, og han ante ikkje korleis det skulle bli til slutt. Planane blei lansert litt etter litt. Brua blei laga i ein ferie.
– Me må ha eit troll
– Då brua var ferdig sa Mildred at me måtte ha eitt troll. Og då trollet var på plass, måtte me jo ha nokre bukkar òg meinte ho, smiler den spreke 84-åringen, som då skjøna at det var ei scene frå folkeeventyret dei hadde laga.
Muring er ikkje Arne fag, men noko han likar å gjera, til liks med å hogga ved. Forutan hobbymuring, har han jobba som blekkslagar, og gjekk læretida si under Jacob Hegland i Haugesund.
Arne Aasen fortel vidare om 14 år i Chicago og Canada som ventilasjons- og airconditionmontør, mellom anna på eit landemerke i Lake Shore Drive, Chicago – Lake Point Tower.
Ekteparet Aasen bur i Fjellbakkane i Haugesund, og er i Sveio når det passar seg. Gjerne med Mildred si søster, Anne Marie.
Det er ikkje berre gode minner knytt til Fjon. I 1969 gjekk den ni år gamle dottera deira bort. Ho gjekk gjennom isen på sjøen, og blei ikkje funnen att.
– Det er lenge sidan, men det ligg alltid i bakhovudet, seier faren, som likevel synest at det kan vera godt å vera nær sjøen.
Skremmer og begeistrar
Nå har han og Mildred eit roleg liv som pensjonistar. Katten Flora (15) er gjerne med til hytta på Fjon. I hagen er det livlegare enn det pleier å vera. Ein gjeng frå Bråtveit barnehage skal få sjå trollebrua.
– Han har ei laus tann, kan Benjamin Framnes Rossehaug raskt konstatera. Han har pirka borti den skranglete tanngarden.
– Ja, han har hatt mykje tannverk opp gjennom åra, denne karen, kan Arne fortelja.
Men ikkje alle har vore like begeistra for trollet. Ein gutunge hylskreik og ville derifrå ein gong i tida.
– Men han var ikkje så mykje større då han kom tilbake og ville ta bilde saman med trollet, smiler Mildred.
Stein til både bru og trapper har han funne på eigedomen. Det har vore nok å ta av.
Etter at brua var ferdig, kom resten på plass når det passa seg. Ekteparet har hatt god hjelp av barnebarna til Mildred si søster. Bukkane blei teikna av venninna til ei i slekta. Deretter blei dei skorne ut på Haugaland Industri.
Dei få tennene i trollkjeften er av småstein, medan kroppen er laga av betong. Hønsenetting og trestykke er hovudsakleg brukt som innmat. Hovudet har forma som ei blåse i aluminium. Hender og føter er støypt i hanskar.