bygg og bu

Vil byggja på krigsruin på Nesheim

Ekteparet Astrid Elisabeth Thingbø Sundfør og Thor Thingbø har søkt om tilskot til vern av ei ruin frå krigens dagar på Nesheim. Søknaden er den einaste frå Sveio dette året, fortel kulturkonsulent Ellen Urheim Tveit.

Publisert Sist oppdatert

– Det er heller uvanleg med så få søknader. Vanlegvis brukar me å få inn mellom fire og seks søknader kvart år, fortel Tveit vidare.

Ordninga der private kan søkja om tilskot til vern av kulturminne er fylkeskommunal, men søknadane må sendast til kommunen. Kommunen må deretter gjera ei prioritering og deretter vidaresenda til fylkeskommunen.

Søknadsfristen til kommunen var 1. januar. Søknadene med prioriteringar skal vidaresendast til fylkeskommunen innan 1. februar. Søkjarane kan få dekka inntil 50 prosent av kostnadene til det omsøkte prosjektet.

Mange tyske spor

Ekteparet Sundfør Thingbø bur i Sandnes, men kjøpte for eit par år sidan den 400 mål store eigedommen på Nesheim som mellom anna omfattar store delar av det området der den tyske okkupasjonsmakta bygde opp kystfort under andre verdskrigen. På eigedommen finst ei rekke ruinar frå den tida, mellom anna fire kanonstillingar og ein kommandobunker.

Den ruinen som ekteparet nå søkjer om midlar for å verna, ligg tett ved fylkesvegen og består av ein grunnmur og ei fløy av første etasje med vegger av naturstein.

– Dette skal ha vore messe for dei 250-300 tyske soldatane som var stasjonerte her under krigen. Me trur at rommet innanfor natursteinmurane kan ha vore ei avdeling for offiserane, fortel Thor Thingbø medan han viser oss rundt på eigedommen.

Frå offisermesse til hytte

Ekteparet planlegg å leggja tak over dette «offiserrommet» og innreia det til hytte. Planen inkluderer også eit tilbygg med toalett og bad, og ei gangbru med rekkverk frå trappa på austsida av grunnmuren og fram til det innreidde rommet. Resten av grunnmuren vil dei la stå urørt. Gjennomføringa er avhengig av at dei får byggeløyve frå Sveio kommune.

– I første omgang tenkjer me å bruka dette bygget til hytte for oss sjølve medan me restaurerer det gamle våningshuset på garden. Seinare tenkjer me å bruka rommet over krigsruinen i samband med utleige til turistar, seier Thingbø, som presiserer at søknaden om kulturstøtte berre gjeld arbeidet med taket og sikring av murane.

Tilskot før også

Det er elles ikkje første gong ekteparet søkjer om støtte frå Vestland fylkeskommune til vern av kulturminne på Nesheim. Dei har tidlegare fått tilskot til restaurering av eldhus og til nytt tak og vegg på løebygningen. Eldhuset er ferdig restaurert utvendig. Her står det berre igjen ein del arbeid inne. Løa skal få nytt tak og ny bordkledning på nordveggen til sommaren.

Ekteparet har gjort ein god del av arbeidet sjølve, og vil halda fram med det. Thingbø røpar at dei har store planar med eigedommen, men dei må avventa arbeidet med kommuneplanen i Sveio.

– Eigentleg er det ein fordel at dei har søkt om, og fått tilskot tidlegare. Det viser at dei tenkjer heilskapleg, og at dei også gjennomfører dei prosjekta dei ber om støtte til, seier Ellen Urheim Tveit.

Ho seier vidare at søkjarane kan rekna med å få svar i løpet av april-mai.

Powered by Labrador CMS