bygg og bu
— Spar straum lurt i staden for heile tida
Straumprisane gjer at fleire ser på måtar å dempa forbruket. Elektrikar Svein Erik Bjelland seier at å spara straum og pengar ikkje alltid er det same. — Det handlar om å flytta forbruket, seier Bjelland.
— Oppvarming er ein stor del av kostnadane, seier Svein Erik Bjelland.
Han er sjef i Bjelland Elektro og ser med eigne auge korleis marknaden vert påverka av høge straumprisar.
Den lokale verksemda med ni tilsette har mange kundar som ynskjer tiltak som reduserer straumrekninga. Då handlar det ikkje alltid om berre å redusera forbruket.
Enkle tiltak
— Skal du varma opp eit hus krev det mykje energi. Å bruka varmeomn eller kablar vert veldig dyrt, seier Bjelland.
Firmaet hans installerer ikkje varmepumper, men dei gjer klart koplingane hjå kundar. Han er tydeleg på kor mykje betre det er både for ein sjølv og rekninga.
— Varmepumpe er ein enkel installasjon som gjev gevinst. Ein vanleg omn treng ein kilowatt energi for å gje ein kilowatt varme. Varmepumpa får ein kilowatt og gjev ut tre, seier Bjelland
Han fortel at det også er stor forskjell på isolasjonen frå nye til gamle hus, og Sveio har mykje av begge delar. Nye vindauge og etterisolering kan difor også løna seg.
— Bli bevisst på forbruk. Senk temperatur i rom som ikkje er i bruk. Ikkje køyr halv maskin på vask eller oppvask, og tørkar du klede på stativ sparar det litt, seier Bjelland.
Sjølvsagt kan ein byta ut gamle halogenpærer med nye LED-pærer. Generelt er nyare teknologi meir energieffektivt. Ein sensor skrur lampa på når du er i rommet og av når du går ut.
— Me har sikkert montert 1.000 LED-lampar med sensor, seier Bjelland.
Varmtvatnet
Det som tek mest straum i ein vanleg bustad er ofte varmtvasstanken. På skjermen viser Bjelland eit straumskjema som er kopla direkte til ein kunde sitt forbruk.
— Oppvarming av vatn er ein stor straumforbrukar i huset ditt. Og dusjing er noko som bruker mykje varmtvatn, seier han.
Forutan å redusera varmtvassforbruket, så kan ein sjå på tanken sin og året den er frå.
— Å skifta ut ein gamal tank med ein ny og betre isolert, gjev klart betre effekt, seier Bjelland.
Handlar om når og kor mykje
— Det er alltid lurt å senka forbruket. Straum du ikkje brukar betalar du ikkje for, seier Bjelland.
Han understrekar at det er to andre faktorar som gjer biletet meir komplisert. Den første er at straumprisen er forskjellig dag og natt.
— Det er det lurt å flytta forbruket til natta, då er det gjerne halv pris samanlikna med dagen, seier Bjelland.
Nyleg såg han at det var 40 øre om natta og to kroner om dagen. Det gjer ein forskjell på rekninga.
Den andre er at ein kunde som nyttar mykje straum på ein gong, krev høgare kapasitet frå leverandør. Då aukar kva ein betalar for nettleige.
— Tippar du over, til dømes, 5 kwh i timen går du nokre hundre kroner opp i nettleige, seier han.
Men, å halda seg under ein slik grense kan vera vanskeleg og ulønsamt.
— Det gjer det komplisert. Skal du berre bruka maksimum 4,9 kwh døgnet rundt, så brukar du meir straum når den er dyr. Då løner det seg å heller bruka mykje på ein gong, når det er billig, forklarar Bjelland.
Om ein held seg på ei lågare nettleige kan vinninga gå opp i spinninga, meiner han.
Solcellepanel
Det siste rådet er å sjå på Enova si nettside, og kva ein kan søkja om stønad til av enøk-tiltak.
Fleire av Bjelland sine kundar har gjort det, blant andre Torkel Hamre.
Hamre fekk montert 48 solcellepanel på huset sitt i fjor haust.
— Når ein først skal gjera noko, så gjer ein det skikkeleg, humrar Hamre.
Det gjorde han lurt i meiner Bjelland.
— Noreg er eit land eigna til solcellepanel. Det er meir kjøleg og då trivst panela betre. Me er nesten like bra som Spania, seier han.
Både dei og Frøvik Elektro, eit anna lokalt firma, har så mange oppdrag at det har vore leveringsproblem til tider.
Nøgd med Enova
Sjølv er Hamre strålande nøgd.
— Det gjekk smertefritt og raskt med Enova. Eg sendte faktura og fekk 45.000 kroner i stønad på konto etter berre nokre dagar.
November til februar er dårlege månadar for solcellepanela, men Hamre fortel at han omtrent går i balanse i februar. Og framover aukar produksjonen kraftig.
Bjelland oppsummerer straumsparing med å seia at det kan gjerast på fleire måtar, og avheng av kva interesse ein har. Viktigast av alt er å setja seg inn i eiget forbruk og kva som krev mykje straum.
— Når det er uoversiktleg, vert ein redd og tenkjer at ein skal spara på alt fordi ein har høyrt at det er dyrt. Det er betre å spare lurt i staden for å spare over alt, seier han.