bygg og bu
Sjarm som held deg varm
Minne om fjorårets straumrekning kan senda is nedover ryggen til mange. Heldigvis finst det eit tiltak som både sparar straum, og lar ein ha noko veldig moderne, eller gamaldags, i heimen.
– Me er ikkje heilt i fyringsmodus ennå, men det drar seg til, seier Simen Gjølsjø, seniorrådgjevar i NIBIO.
Han vil ikkje vedkjenna seg tittelen «ved-ekspert», men kan roleg stadfesta at han veit kva han snakkar om. Beviset ligg i straumrekninga hans.
Lange dusjar med godt samvit
– Eg varmar opp huset mitt stort sett med ved, til og med varmtvatnet, seier han.
– Varmtvatnet også?
– Vedkjelen min har tankar med vatn rundt seg, og det er vannboren varme i huset med radioatorar. Og så har eg ein enorm «termos» på nokre tusen liter, kor vatnet som ikkje treng til oppvarming vert sendt, svarar han.
Eit raskt søk hos ENOVA viser at dei med vassbåren varme i huset kan søka opp til 10.000 kroner stønad til såkalla biokjel eller bio-omn med vannkappe. Det er sistnemde Gjølsjø har.
– Så du dusjar lenge om vintaren med godt samvit?
– Barna og kona mi dusjar i alle fall lenge, ler Gjølsjø.
Ordninga hans har kosta litt over 100.000 kroner, men over tid vert det billig å ha det varmt heime.
Peis på!
Gjølsjø snakkar varmt om å fyra. Gode grunnar til at peis er eit bra alternativ er knytta til økonomi, klima og beredskap.
– Det er ein god måte å spara på. Du kan laga den sjølv og då vert det veldig billig. Om du kjøper den, så kjem det jo an på prisen sjølvsagt, seier Gjølsjø.
Han oppmodar kjøparar om å skaffa ved tidleg på sommaren. Då er det billigast å kjøpa, og ein kan gjera eit reknestykke på sparing.
– Ein kubikkmeter med bjørk kostar rundt 800 kroner, og inneheld 2000 kilowatt(kW)-timar. Då vert «straumprisen» om lag 40 øre per kW, seier han.
Men, det er jo arbeid knytta til å fyra med ved. Kjøpt ved må oppbevarast og stablast. Eigen ved må hoggast, tørkast og stablast. Og så er det peisen sjølv, som i hovudsak kan delast i moderne og gamaldags med kvar sine fordelar og ulemper.
Ein gamaldags omn held varmen lenge. Strekk den seg over fleire etasjar så varmar den etasjane også. Dei moderne er derimot ein god del meir effektive og «reintbrennande». Det betyr at meir av veden vert brent opp, noko som gjev meir effekt og mindre oske liggjande att i peisen.
Veldig grønt
Og så kjem ein ikkje utanom klimaargumentet.
– Ved er veldig kortreist, det er lite bearbeida, og ein hentar det frå skogen. Det er kapping, kløyving og transport til peisen som involverer noko fossilt brensel. Det er veldig lite samanlikna med straum eller olje, seier han.
Naturvernforbundet, hans eige NIBIO og fleire andre organisasjoner heiar på ved fortel Gjølsjø. Når eit tre veks fangar det karbon, og når ein brenn ved så vert det frigjort karbon. Men framleis er vedfyring grønt understrekar han.
– I Noreg høgg me 12 millionar kubikkmeter kvart år, og tilvekst er på 25 millionar kubikkmeter, seier han.
Meir karbon vert fanga enn frigitt av vedfyring. Det einaste som er negativt i eit miljøperspektiv er peis i større byar som til dømes Bergen. Då kan det koma partikkelutslepp, særleg frå gamle omnar som ikkje er reintbrennande.
God beredskap
Sist, men ikkje minst, er det tryggleiken i det heile.
– Ved er enkelt, det er driftsikkert. Og ein kan oppleva straumbrot, men veden vil framleis fungera, seier han.
Gjølsjø trur at eit Noreg utan ved ville ha opplevd store problem om vinteren med å halda varmen. Straumnettet hadde hatt store vanskar.
– På dei kaldaste vinterdagane måtte me hatt tjukkare straumleidningar. Då måtte me ha auka effekten på dei, seier han.
Han kan ikkje skryta nok av ved, og oppmodar dei som kan til å ta i bruk mogelegheita. Men, han kjem med ei åtvaring til dei som er veldig ivrige og vil ordna sjølv.
– Skal du gjera det sjølv må du ha papira i orden, seier han.
– Kvifor treng ein papir for å hogga ved?
– Du må ha motorsagbevis. Og slepp ein grunneigar deg til utan det, så får de begge problem. Og sjølvsagt vernetustyr. Det vert arrangert skogkurs kor ein lærar sikker bruk, fortel han.