bygg og bu

Hoppande glad over å ha landa eigedomsprosjekt

Bjørn Storebø i Blinkhus Valvatne jublar over at dei endeleg skal byrja på bustadprosjektet Steinhaugmarka i Sveio sentrum. – Oppstart er denne eller neste veke, seier Storebø.

Publisert Sist oppdatert

Han legg ikkje skjul på at marknaden har vore vanskeleg for bransjen hans dei siste åra. Difor er nyheita om byggjestart noko som kjennes ekstra godt for Bjørn Storebø i Blinkhus Valvatne.

– Det er ein kraftig kjensle av å vera audmjuk, men også veldig nøgd, smiler han.

Motvind frå fleire kantar

Sidan han først byrja med planlegginga i 2020 har det vore utfordringar, noko han har fortalt om i Vestavind tidlegare. Først kom ein pandemi, og så braut det ut krig i Europa. Begge deler skapte usikkerheit og høgare prisar, noko som gjer eit større eigedomsprosjekt vanskeleg.

Men han gav ikkje opp.

– Eg lanserte det i 2021, og relanserte det i 2023 i samanheng med Sveiomarknaden, seier Storebø.

No har han fått nok signaturar frå kundar, og kan melda at no skjer det endeleg. Første byggjetrinn vert fem bygningar som skal førast opp fullstendig, men også ringmur for neste byggetrinn vert gjort klar.

– Graveløyva vart sendt inn på fredag 15. september, så i løpet av denne eller påfølgjande veke vil det byrja å skje ting der, seier han.

Friskar opp leikeplassen

Tomta ligg midt i Sveio sentrum og har vore eigd av Blinkhus Valvatne sidan 2007. Inntil no har dei latt den verta nytta til å hausta gras. No vert det endringar både for jordet og leikeplassen som ligg ovanfor.

– Det vert mykje trafikk, og me må stenga leikeplassen midlertidig, for det vert skummelt å ha den open samstundes som arbeidet pågår, seier Storebø.

Leikeplassen bygde dei nokre år tilbake i samanheng med prosjektet Steinhaugmarka. No får han endeleg bygga resten av bueiningane som var meint å ligga nedanfor leikeplassen.

– Me kjem til å friska den opp samstundes når me er i gong.

– Når vert de ferdige?

– Eigentleg andre kvartal 2025, men det var basert på oppstart i desember. Så truleg nokre månadar før.

Dobbel grunn til å feira

Han seier kontrakten for grunnarbeidet går til Geir Flatnes, ein lokal entreprenør i Sveio.

– Tømrararbeid gjer me sjølv, men me kjem nok også til å nytta oss av lokale snikkarar. Me prøver å halda oss mest mogeleg lokalt.

Det einaste som står att er ei godkjenning frå banken, men det bekymrar ikkje Storebø.

– Det er ein formalitet, for alt ligg til rette, seier han.

Som lokal utsending i Sveio for ein bedrift som har hovudkontor på Stord, er det også litt ekstra stas.

– Dette kjem til å utgjera nesten halve omsetninga til selskapet neste år, så det er fint å landa eit slikt prosjekt. Og så er det stas å setja Sveio på kartet i Stord, smiler han.

Og, legg Storebø til, i august månad feira han eit stort jubileum.

– Då har eg jobba for Blinkhus i 40 år. Så det er ekstra kjekt at desse tinga skjer samstundes, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS