bygg og bu

Har selt seks av åtte bueiningar

Tysdag i denne veka blei det gjort klart for støyping av ringmurar på fire tomter på Bømlo Hus sitt felt rett bak soknehuset i Sveio sentrum. På seinsommaren skal bustadene vera ferdige.

Publisert Sist oppdatert

– Me har selt seks av åtte bueiningar her på Hansabakken, fortel seljar Steffen Fylkesnes i Bømlo Hus til Vestavind.

Dei seks selde husværa fordeler seg på to tomannsbustader og to einebustader. Den eine einebustaden er på eitt plan, den andre på to.

To einebustader igjen

– Me har to einebustadtomter igjen på dette feltet. I alle fall den eine reknar me med å få selt innan kort tid, seier Fylkesnes.

Innan påske reknar han med at det skal vera ferdig asfalterte vegar fram til dei byggeklare tomtene.

Rett over påske vil to snekkerteam gå i gang med husbygginga.

Framtidsplanar i Sveio

Bømlo Hus har hatt fleire oppdrag i Sveio den siste tida, og har store planar både på kort og lang sikt her i kommunen. Dei har nyleg fullført ein einebustad ved golfbanen og skal i gang med ein ny større einebustad i same området til sommaren.

– Me får stadig fleire førespurnader frå Sveio, seier Fylkesnes.

På litt lengre sikt har byggefirmaet også planar for eit større, sentrumsnært område som dei allereie eig, og der det kan vera plass til opp til 200 bustader.

Powered by Labrador CMS