bygg og bu

Fall pladask for «K-huset»

Sveibuen Anne Vierdal (26) let seg ikkje freiste av blokkliv i Bergen, kor ho studerte teologi. Så då ho og kjærasten Simen Hansen (27) bestemte seg for å flytte saman, tok ho bergensaren med seg heim til Sveio. Der fann dei draumehuset.

Publisert Sist oppdatert

Då Anne Vierdal var ferdig med studiane sine i Bergen, og ville flytta saman med kjærasten Simen Hansen etter at ho hadde budd fleire år i eit studentkollektiv, kom spørsmålet opp om kor dei skulle busette seg.

— Med økonomien som me hadde, ville me nok berre hatt råd til ei lita blokkleilegheit utanfor Bergen sentrum slik prisane er der. Det freista ikkje det heile tatt, fortel ho.

Tilfeldigheit

Ved sida av studiane i Bergen har Vierdal også vore kommunestyrerepresentant i heimkommunen Sveio, for Kristeleg Folkeparti. Det var under middagen på ei samling som kommunestyret hadde i Skånevik i fjor, at ho kom i prat med ein annan folkevald, nemleg Ole Johan Sveen.

Han kunne fortelja henne at han hadde utvikla nokre einebustadar på eit tomt han eig i Sveio sentrum, og at det eine huset framleis sto ledig. Det unge paret vart invitert på visning, og var knapt kome inn i stova då paret brått kasta eit nikkande blikk på kvarandre.

— Me likte det veldig godt med ein gong, fortel dei om huset som dei fekk kjøpt for litt under tre millionar kroner.

Dei to husa har langt frå nokon tradisjonell «Sveio-arkitektur». Her er det krikar og krokar, men også store og reine flater. Ifølgje Vierdal kallar dei det for «K-huset», fordi linjene kan minne om bokstaven K. Det er Bjarne S. Harloff, som i dag er sjef i arkitektfirmaet Holon i Haugesund, som har teikna dei.

Men Harloff har ikkje klekt ut alt frå eiga hovud. Han fekk nemleg overlevert ei teikning frå byggherren Ole Johan Sveen før han tok fram sin eigen blyant.

— Eg har eit barnebarn, Jarle André Anvedsen Kallevik. Han er midt i 20-åra i dag, men då han var i 12-13-årsalderen var han glad i å teikne. Eg har teke vare på noko av det han laga, og ei av teikningane gav eg til arkitekten. No kan ein sjå nokre av vinklane frå teikninga igjen i husa slik dei står i dag, og det synes eg er koseleg, fortel Sveen til Vestavind.

Elsk-hat-forhold

Huset er 99 kvadratmeter stort, og det visuelle utrykket er prega av blanding av betongelement og tre. Alt er på ei flate. Stova og kjøkkenet er via mest plass. Romfølelsen er god og luftig når du kjem inn dit. Noko både eit skråstilt tak, som heng frå tre til fire meter opp frå golvet, og store vindauge bidreg til. Fargane på veggane er i nordisk stil, lyse og duse. Kvite veggar er brekt av med ein stor flate med store finerplater.

— Dei platene får ein nok eit elsk-hat-forhold til, men me liker dei, seier Vierdal. Same type vegg finn ein også igjen på ein av veggane på soverommet deira.

Stova og kjøkkenet er frådelt med ein vegg, kor ein stor og kvit peis på enden også er med på å skape eit romskilje mellom kjøkken og stove. Elles har dei  eit bad, eit gjesterom og sitt eige soverom. Carport og bod har dei felles med naboen i eit eige bygg som står nedanfor dei to husa.

I dag er det berre dei og hunden Filip som bur i huset. Men skulle det kome eit barn, har dei framleis plass nok til det, meiner dei.

— Eit perfekt hus for eit par i etableringsfase, meiner dei.

Gjenbruksløå

Dei har innreidd huset stort sett med ting dei enten har fått, arva eller kjøpt brukt.

— Mykje av det me har innreidd med har me handla på Gjenbruksløå i Førde, fortel ho og viser mellom anna fram ein blå og glitrande liten elefant, som har fått plass på ein benk under tv-en.

Eit anna element som peiker seg ut er eit stort kunstverk i ei lys treramme, som heng vis-a-vis sofaen i stova. Men det er meir enn eit maleri. Det er nemleg også tv-en deira. Det er snakk om eit eksemplar av «The Frame», eit produkt som har blitt ein suksess for tv-produsenten Samsung. Det fungerer slik at når dei er ferdig med å sjå på tv, så endrar bilde seg til eit kunstverk. Eit utrena auge vil ha problem med å forstå at det er ein tv, om ein ikkje veit det frå før.

På ein annan vegg, ved eit større spisebord, heng eit stort portrett, som dei også har funne på bruktbutikken. Det er ein kopi av verket «Girl with a pearl earring», eller «Piken med perleøredobben» om du vil, eit av meisterverka til den nederlandske kunstnaren Johannes Vermeer (1632-1675).

Saman ved ein blome på spisebordet, har Anne planta eit lite KrF-flagg.

— Ja, det må vere med, ler Vierdal.

Kort veg til Bergen

Dei har funne seg godt til rette i Sveio, også byguten Simen.

— Me trivst godt. Det er godt å bu slik at ein berre kan sykle på jobb, seier Anne, som har ei deltidsstilling som trusopplærar i Sveio-kyrkja.

— Og så det er jo berre to timars reise heim til Bergen, påpeiker Simen.

Han jobbar for tida som instrumentteknikar i Nordsjøen, og for å sosialisere seg har han byrja å spele fotball på Sveio IL sitt fotballag.

— Ein fin gjeng, seier Simen, som tidlegare har spelt for bergensklubbane Paradis og Bønes.

No ser dei fram til våren. Då er planen å kome i gang med å få ferdig uteområdet, som det førebels er gjort lite med.

— Me tenkjer å få opp eit gjerde eller ein hekk på vestsida, og utvide plattingen og lage ein fin grillpass kor me kan kose oss når vêret tillet det, seier dei.

Powered by Labrador CMS