nyhende

Stein Roar Kringeland (t.v.), leiar i Karmsund Mållag, saman med prisvinnaren Einar Økland ved overrekkinga fredag 8.mai.

Målpris til Einar Økland: – Storarta og overraskande

Einar Økland (86) hadde inga aning om at han skulle få pris, og bidrog med å lesa eigne tekstar under Fredagslunsjen på Haugesund folkebibliotek fredag.

Publisert Sist oppdatert

Karmsund Mållag står bak utdelinga av målprisen. I grunngjevinga skriv dei at forfattar Einar Økland får mållaget sin målpris for 2026 for eit langt og særs viktig forfattarskap med hovudvekt på nynorsk.

– Gjennom meir enn seksti år har Einar Økland vore ein av dei mest originale og allsidige stemmene i norsk litteratur, og han har hatt og har stor betydning for norsk språk og litteratur, står det vidare.

Tatt på senga

Prisen for 2026 består av diplom, rosemåla fat med inskripsjon og blomar.

Økland var invitert for å lesa nokre av tekstane sine, og var heilt uvitande om at han skulle få pris.

– Det var eit veldig flott arrangement, og mange kjekke folk. Eg var ein del av programmet, og blei tatt på senga då det var tid for å avslutta og gå heim. Dei annonserte plutseleg ein siste programpost, og så fekk eg tildelt prisen. Det var storarta, og overraskande, seier Økland til Vestavind.

Forseinka diktsamling

Mållaget nemner også den rykande ferske diktsamlinga til Økland:

– I «Karikaturar i spegel med hol» viser han igjen ein sjeldan kombinasjon av leik, presisjon og nysgjerrigheit. Med eit skarpt og undrande blikk gjer Økland det kvardagslege nytt og levande, og dikta opnar rom for ettertanke gjennom vekslinga mellom konstatering og spørsmål.

Planen var at diktsamlinga skulle koma ut i april, men slik gjekk det ikkje.

– Eg ville det skulle vera ei tidleg vårbok, men i bokbransjen går det ikkje alltid slik ein planlegg. Trykken vart forseinka slik at utgjevingsdatoen no er sett til 21. mai, fortel Økland.

Karmsund Mållag, som er eit områdemållag for Haugalandet medrekna Sveio og Etne, arbeider for å styrka nynorsk i eit samfunn dominert av bokmål. Laget har vedtatt å dela ut språkpris for god bruk av nynorsk i offentleg samanheng.

Powered by Labrador CMS