nyhende

Alvorleg trafikkulykke i Førde.

To personbilar kolliderte front mot front

Klokka 17.02 fekk politiet melding om ei om alvorleg trafikkulykke på E39 i nærleiken av Hjartåsvegen. Luftambulansar har henta to personar.

Publisert Sist oppdatert

Operasjonsleiar Rune Tallaksen ved Sør-Vest politidistrikt opplyser at det dreier seg om ei front mot front-ulykke, og at det er to personar i begge bilane.

Kort tid etter melder politiet at dei involverte er tatt ut av bilane og at luftambulanse er på veg,

Trafikken står på staden, og bilbergar er varsla.

Klokka 17.31 melder politiet at dei har fått opplysningar frå vitne om at den eine bilen kom over i motsett køyreretning. Fartsgrensa på staden er 60 km/t.

Klokka 17.44: Politiet foretar avhøyr på staden. Luftambulansar har tatt med seg to personar. Skadeomfanget er ukjent.

Klokka 17.49: Det har danna seg lange køar på begge sider av ulykkesstaden, og det blir no arbeidd med å fjerna eit køyretøy slik at eit køyrefelt kan opnast.

Klokka 17.54: Politiet melder at eit køyrefelt er opna.

Klokka 19.11: – Vegen er opna. Skadeomfanget til dei involverte er ikkje kjent. Politiet opprettar sak, og det er tatt beslag i førarkortet til ein mann i 60-åra, opplyser operasjonsleiar Tollaksen.

Alvorleg trafikkulykke i Førde. Kart: Vegvesen trafikk-appen
Powered by Labrador CMS