nyhende
Tid for å stilla klokka fram mot sommaren
29. mars er det tid for å stilla klokka ein time fram. Det offisielle tidspunktet er klokka 02.00 natt til søndag.
Då blir natta ein time kortare sidan klokka blir stilt fram til 03.00. Sidan første dag med sommartid er ein søndag, kan du sova like lenge som du brukar om du har fri. Alle dei som jobbar i helga får ein time mindre nattesøvn.
Kvifor vintertid og sommartid?
Tanken bak sommartid er å utnytta dagslyset i sommarmånadane betre og få ein time lengre dagslys om kvelden. Energisparing var også eit viktig moment i starten, men har etter kvart fått mykje mindre å seia i industrialiserte land.
Amerikanaren Benjamin Franklin, ein av «Founding Fathers», introduserte ideen om sommartid allereie i 1784. Briten William Willet publiserte meir konkrete planar i 1907. Forslaget hans gjekk ut på å stilla klokka fram 80 minutt for å spara energi.
Første gong under 1. verdskrig
Men det var tyske keiser Vilhelm II som blei den første til å innføra sommartid. Det skjedde i april 1916 under 1. verdenskrig. Tanken var å spara drivstoff ved å redusera bruken av kunstig lys om kvelden. Dette viste seg å fungera, og andre krigande land følgde etter.
Etter 1. verdskrig droppa mange land sommartid. Under 2. verdskrig innførte tyskarane igjen sommartid i land dei okkuperte. Mellom andre Noreg.
Avvikla og innført fleire gonger
Då freden kom, vart sommartid avvikla i Noreg, men innført igjen i 1959. Etter stor usemje på Stortinget, blei sommartid igjen avvikla i 1965. Fram til 1980, då Noreg bestemte at dei skulle følgja resten av Europa.
Meir enn 70 land i verda brukar sommartid. På den nordlege halvkula er det sommartid frå mars-april til oktober-november. På den sørlege halvkula er sommartida frå september-oktober til februar-april.
På vår del av kloden er det berre Island, Kviterussland og Russland som ikkje byter mellom sommartid og vintertid.