nyhende
Samrøystes om alkoholpolitikken
Hovudutval for helse og omsorg slutta seg måndag samrøystes til til rådmannen sitt forslag til nye alkoholpolitiske retningsliner for Sveio.
Sjølv om det ikkje kom nokon andre forslag, var det ein del diskusjon i utvalet. Saka går vidare til formannskap og kommunestyre.
Dei alkoholpolitiske retningslinene skal opp til vurdering i kvar kommunestyreperiode. Dei som nå er til behandling, vil gjelda for perioden 2020-2024. Rådmannen sitt forslag har vore ute på høyring. Det har kome ei rekke innspel og det er også gjort ein del endringar.
Ikkje skjenking av brennevin
Endringane skuldast delvis endringar frå sentralt hald, men også innspel frå høyringsrunden. Mellom anna har politiet fått gjennomslag for ei endring som gjeld ambulerande skjenkeløyve og skjenkeløyve for einskildhøve.
Her blir det ikkje tillate med skjenking av brennevin ved større arrangement. Kva som er større arrangement, blir eit skjønnsspørsmål. Søknad om ambulerande skjenkeløyve må dessutan koma inn to veker før det aktuelle arrangementet. Til nå har søknadene ofte kome så seint som ei veke i førevegen.
Nytt punkt
I eit nytt punkt heiter det at det ikkje skal bli gitt allment skjenkeløyve til verksemder knytt til skular og barnehagar. Som hovudregel skal det ikkje bli gitt skjenkeløyve til idrettsarrangement og arrangement som er retta mot barn og unge, og ikkje i kjøpesenter i butikkane si opningstid.
Gatekjøkken, bensinstasjonar, kioskar og liknande kan ikkje få skjenkeløyve.
I idretts- og fleirbrukshallar kan det bli gitt skjenkeløyve, men ikkje i skuletida.