nyhende
Påskekrim står knallsterkt hos bokkjøparane
Salet av krim- og spenningsbøker har auka med 14 prosent så langt i år samanlikna med same periode i fjor. Det melder Bokhandlerforeningen.
– Det gode salet av krim heng nok saman med at ein viktig motivasjon for å lese er å finne bøker vi rett og slett ikkje klarer å leggje frå oss. Der treffer krimmen ofte godt, seier Bokhandlerforeningens direktør, Anne Schiøtz.
Over halvparten av all skjønnlitteratur for vaksne som blir seld veka før påske, er krim og spenning, viser 2025-tala. Veka før påske i fjor utgjorde salet av krim- og spenningslitteratur 53 prosent av skjønnlitteraturen for vaksne totalt, mot 40 prosent elles.
I 2025 vart det selt 1,2 millionar krim- og spenningsbøker. Totalt utgjorde krim- og spenningslitteraturen rundt 15 prosent av alle bøker selde i fjor, med 4000 ulike titlar.
Populær hushjelp
Nesten fire av ti selde krimbøker er skrivne av norske forfattarar, medan resten er omsett. «Minnesota» av Jo Nesbø var den krimboka som selde aller mest i 2025, etterfølgd av «Hushjelpen» av amerikanske Freida McFadden og «Tørt land» av Jørn Lier Horst.
Hittil i 2026 toppar McFadden salet så langt, med «Hushjelpen» og «Hushjelpens hemmelighet» på første- og andreplass på lista over årets mest selde krimbøker.
Men Bokhandlerforeningens direktør trekkjer fram stor variasjon og fleire spennande namn å merke seg på lista over dei 25 mestseljande krimbøkene så langt i år, både frå etablerte forfattarar og nye krimstemmer.
Særnorsk fenomen
Etter krim og spenning og andre skjønnlitterære romanar er det barnebøker som sel aller best før påske, saman med påskequiz, avrundar Bokhandlerforeningens påskerapport.
Påskekrim er eit særnorsk fenomen, med røter tilbake til 1923. Då lanserte eit forlag den første norske påskekrimmen – «Bergenstoget plyndret i natt» – i annonseform på Aftenpostens framside.
Mange lesarar trudde det var ei verkeleg nyheit, og avisredaksjonane og NSB vart nedringde av bekymra folk, har NRK tidlegare skildra. Boka var skriven av «Jonas Jerv», som viste seg å vere eit felles pseudonym for Nordahl Grieg og Nils Lie, som då var blakke studentar som ville tene litt ekstra.