nyhende

Norske pass.
Norske pass.

Over 50 000 innbyggjarar i politidistriktet har ugyldig pass

Politiet har ved fleire høve oppfordra innbyggarane om å fornya pass som har gått ut på dato, sjølv om dei ikkje har planlagt ei reise i nær framtid.

Sør-Vest politidistrikt ser at ein del har tatt denne oppfordringa, men framleis er etterslepet så stort at mange kan risikera å ikkje få nytt pass når dei faktisk treng det.

– Drygt 50 000 innbyggarar i distriktet vårt har pass som har gått ut på dato. Dersom mange veljer å venta til ein har behov for nytt pass, er det fare for at ein ikkje får det i tide, understrekar innføringsansvarlig for nye pass og ID-kort i Sør-Vest politidistrikt, Kjetil Optun.

Ikkje vent med å bestilla time

Bakgrunnen for det store etterslepet er at langt færre naturleg nok har hatt behov for gyldig pass under den pågåande pandemien.

– Etter kvart som verda opnar meir opp vil dette endra seg. Fleire ønsker å reisa, og då er det viktig at reisedokumenta er i orden. Sør-Vest politidistrikt tilbyr pass og ID-kort ved sju ulike lokasjonar, forklarer Optun.

– Alle som søker om nytt pass eller nasjonalt ID-kort må ha med det gamle passet sitt, sjølv om det er gått ut. Du får ikkje søkt om nytt pass eller ID-kort viss du ikkje har det med. Dette gjeld òg viss du søker om pass eller ID-kort til barnet ditt.

Ikkje gitt med naudpass

Å gambla med naudpass kan vera ei dårleg løysing. Det er nemleg ikkje gitt at ein får, eller kan bruka naudpasset.

– Det er nokre land som ikkje godtar naudpass ved innreise. Det er heller ikkje alle som får innvilga søknad om naudpass. Døme på avslag er viss ein har fått to naudpass i løpet av dei siste fem åra, eller at ein har mista eit naudpass eller ikkje har levert det tilbake etter reisa. Å basera seg på naudpass kan med andre ord vera risikosport, understrekar Optun, og legg til at det ordinære passa ikkje lenger vil vera gyldig viss ein får utskrive eit naudpass.

Powered by Labrador CMS