nyhende
– No er eg utruleg letta
Fredag ettermiddag kom ordførar André Mundal Haukås inn døra på Auklandshamn landhandel med papir i handa. Innhaldet hadde Marryel Velde venta lenge på: Butikken har fått tilbake løyvet til å selja alkohol gjennom den fjernbetente løysinga.
– No blei eg skikkeleg letta. Det gjer det så tusen gongar lettare for oss, sa Velde då ordføraren overrekte dokumenta.
Gladnyheiten kom som ei overrasking for butikksjefen.
– Dette var ei overrasking for meg. Eg hadde ikkje trudd det skulle kome så fort. No veit eg ikkje heilt kva eg skal seia, sa ho smilande.
Velde fortel at tida utan moglegheit til å selja alkohol på denne måten har vore krevjande.
– Det har vore tungt sidan vi starta dette. Mykje oppfølging og nye vendingar i saka, seier ho, før ho oppsummerer prosessen slik:
– Det kom jo litt pang (da løyvet ble fråteke), og no kom det litt pang tilbake.
Ordføraren: – Eit tydeleg svar
Ordførar André Mundal Haukås seier kommunen var rask med å få saka avklart lokalt etter signal frå nasjonalt hald.
– Etter det tydelege svaret til helseministeren var administrasjonen rask å fekk gitt nytt løyve i tråd med kommunestyret sitt vedtak, seier Haukås.
Han meiner det er positivt at saka har fått merksemd.
– Det er kjekt å sjå at helseministeren har føld opp og prioritert saka, og at han likt som oss er tydeleg på at han ønsker dette velkomen, seier ordføraren.
Opp til kommunane
Saka blei løfta opp på nasjonalt plan etter at fleire nærbutikkar rundt om i landet fekk løyva sine trekt tilbake av Statsforvaltaren, slik som Auklandshamn landhandel, og fordi praksisen slo ulikt ut mellom fylke og butikkar. Ei rekke stortingspolitikarar tok difor saka vidare som eit representantforslag, og helseministeren gav ei vurdering i eit brev.
– Eg er, på same måte som det blir vist til i representantforslaget, av den oppfatning at det er ønskeleg å kunna ha ubetente butikkar i distrikta. Eg forstår at dette er viktig for mange lokalsamfunn. Av den grunn ønsker eg å legga til rette for at det skal vera mogleg å ha fjernbetente butikkar i Distrikts-Noreg, samtidig som alkoholpolitiske omsyn blir ivaretekne på ein god måte, skriv helseminister Jan Christian Vestre i brevet.
Samstundes peikar han på at det er opp til kommunane å vurdera kvar enkelt sak, og om løysinga gir god nok kontroll til at alkohollova blir følgd.