nyhende

Sport

Baton flag senior, gullmedalje: F.v. Alex Heggheim Petersen, Cecilie Apeland, Malin Åsbø, Emilia Åsbø, Ingrid Andrea Kvalvåg Panayiotou, Ine Husevåg og Renate Fjelde Pedersen.

Medalje­dryss til Sveio Drill i Vinter­pokalen

I 17 år har Sveio Drill arrangerer Vinterpokalen i drill. For å husa dette store arrangementet, som til saman engasjerte 433 utøvarar i 90 kategoriar i år, har arenaen dei siste fem åra vore Tysvær Arena Haugesund Sparebank.

Publisert Sist oppdatert

Sveio drill samarbeider med NMF, Norges Musikkorpsforening. Dette er årets dugnadsinnsats for foreldre og frivillige. 

Også i år var det eit særs vellukka arrangement som samla mange tilskodarar. Dei unge utøvarane starta klokka 10 laurdag formiddag og heldt på til ettermiddagen søndag. Også i år blei det mange pallplassar for unge Sveio-drillarar.

Alex Heggheim Petersen og Cecilie Apeland fekk sølv i Twirl duett senior level 1.

Flest jenter

Det var mange jenter på parketten denne helga, men jammen dukka det opp ein ung mann, Alex Heggheim Petersen på 20 år, som drillar saman med Cecilie Førre Apeland på 18 for Sveio Drill.

– Kva kjem det av at du har valt ein treningsform som drill, Alex?

– Me har det så utruleg kjekt saman, miljøet og samhaldet i klubben er svært godt, og det er gode trenarar i Sveio, seier han, som kjem frå Karmøy.

Cecilie Førre Apeland er einig.

– Me har drilla saman i 2,5 år, og eg er heilt einig med det Alex seier, smiler ho. 

Mange utøvarar

Inger-Emilie Kvalvåg Panayiotou, leiar av Sveio Drill, er stolt over klubben. 

– Me hadde med 54 aktive frå Sveio og fekk 46 pallplassar; 24 gull, 16 sølv og 6 bronse. Dette er resultat som me sjølvsagt er svært nøgde med, seier ho, og legg til:

– Dei to yngste troppane våre, Team Stars og Team Humle, deltok i tropp aspirant og hadde også fine rundar. Det var ekstra stas at Team Light, som for første gang stilte med konkurransetropp, fekk sølv i Drill dans, tropp Preteen. Dei fire nye majorettesprogramma våre stilte også i junior og senior Exhibition, og i junior og senior Baton Flag. Utøvarar frå 4. og 5. klasse var med for første gong og fekk sølv.

Inger-Emilie er snar til å rosa dei:

– Det er kjekt at me har med unge, gode talent. Det er bra for framtida. No satsar me mot EM i majorettes i Italia i oktober og VM i Italia påsken 2027, seier ho optimistisk. 

Aspirantropp Team Stars frå venstre: Victoriia Kochurov, Emilie Omvik Horneland, Millie Baardsen Olsen, Sophie Sæverhagen, Ada Emilie Nerland, Runa Marthea Siglen, Anna Vikse Lilleland, Cecilie Førre Apeland og Ingrid Andrea Kvalvåg Panayiotou.

Grossist i medaljar

Også i fjor og året før vann Sveio-troppen mange medaljar.

– Kva er grunnen til at de er så gode?

– Utøvarane trenar mykje, i snitt ni timar i veka. Det er ein veldig motivert gjeng og gode trenarar. Miljøet er godt, og me har også utøvarar frå Tysvær, Karmøy og Haugesund.

– Strøkent arrangement

Også Frakkagjerd drill var godt fornøgd, og leiar Veronica Snare hadde berre godord om arrangementet.

– Det er blitt ein konkurranse som er blitt så stor at den har fått merksemd andre stadar i landet. Det viser også deltakartalet og at deltakarane er frå mange stadar. Eg vil seia at dette arrangementet var strøkent, på alle måtar, seier ho.

Oversiktsbilde med alle utøvarane.

Stor dugnad 

Det er ein stor konkurranse og mange aktørar, og det må til stram regi og mange frivillige. 

– Særleg er eg imponert over dei som hjelper til og står på to heile helgedagar, frå morgon til kveld. Dei bakar kaker og sørger for at det blir eit flott arrangement i Tysvær Arena, som me leiger fordi me ikkje har tilsvarande plass i Sveio, seier Kvalvåg Panayiotou.

Sveio Drill henta heim mange medaljar også i Vinterpokalen denne gongen.
Powered by Labrador CMS