nyhende

Helge Mørk Jensen er denne vekas «Hei, sveibu!»

– Lions slår til med ein gong nokon treng hjelp

Helge Mørk Jensen er denne vekas «Hei, sveibu!»

Publisert

Hei, sveibu!

Navn: Helge Mørk Jensen

Alder: 69 år

Bosted: Fjellstad

– Kva gjer du til dagleg?

– Eg er pensjonist, men dagane mine er langt frå rolege. Eg har hus, bil, båt og motorsykkel, og alt dette krev vedlikehald. Eg er mye ute og fiskar, drar på sjøen med sjarken min, og tar også turar med hunden min. Så dagane går med til praktiske gjøremål og utendørsaktiviteter.

– Kva er det beste med å vera sveiobu?

– Det er naturen rundt oss som er det aller beste. Her er det vakre omgjevnader og friluftsliv som gir ro. Folk tar også godt vare på kvarandre, stort sett, noko som gjer lokalsamfunnet godt å vera ein del av.

– Er det noko du saknar i Sveio?

– Nei, egientleg ikkje. Eg har ikkje noe sakn, for Sveio gir ein fin balanse med både natur og nærleik til byane når det trengs.

– Kvar er ditt beste Sveio-minne?

— Mitt beste minne er å vera ute i skjærgarden i Sveio. Det er noe av det vakraste eg veit.

– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?

– Eg vil framsnakka jobben som Sveio Lions gjer i Sveio. Dei hjelper folk som verkeleg treng det, og reagerer raskt, i motsetning til offentlege organ som ofte er treige til å få ting gjort. Lions slår til med ein gong nokon treng hjelp. Det synes eg er verdt å løfta fram.

Powered by Labrador CMS