nyhende

Nav-kontor i Sveio med raud Nav-logo på fasaden ein overskya dag
Nav melder om låg arbeidsløyse, samstundes som det er mange utlyste stillingar og behov for meir arbeidskraft i 2026.

Låg arbeids­løyse – høgare etter­s­purnad

Arbeidsløysa i Sveio og Sunn­hordland ligg framleis lågt, sam­stundes som behovet for arbeidskraft aukar kraftig.

Publisert Sist oppdatert

I januar var 1,3 prosent av arbeidsstyrken i Sveio registrert som heilt arbeidsledig. Det er opp frå 1,1 prosent i desember 2025.

Sunnhordland hadde ein tilsvarande auke, frå 1,0 til 1,2 prosent. Til samanlikning låg arbeidsløysa i januar på 1,9 prosent i Vestland og 2,3 prosent på landsbasis.

Høg etterspurnad etter arbeidskraft

Nav registrerte 772 ledige stillingar i Sunnhordland i januar. Det er 10 prosent fleire enn i januar 2025. I Sveio blei det registrert 56 stillingar, ein auke på 40 prosent.

Behovet for arbeidskraft er størst innan helse, pleie og omsorg, med 387 registrerte utlysingar i Sunnhordland. Deretter følgjer serviceyrke og anna arbeid, med 87 utlyste stillingar.

– At arbeidsløysa aukar noko samanlikna med førre månad, kjem innanfor dei normale sesongvariasjonane for januar månad. Derimot er det ei stor auke i ledige stillingar samanlikna med same månad i fjor, som tilseier at behovet for arbeidskraft i Sunnhordland held seg på eit svært høgt nivå, seier Håvard Lægreid, regionleiar i Nav Sunnhordland i ein pressemelding.

Regionsleiar i Nav Sunnhordland, Håvard Lægreid, er glad for at sjukefråværet i Sveio har gått ned i første kvartal 2025, og trur IA-avtalen kan medverka til å styrkja denne nedgangen ytterlegare. Foto: Frode Storvik, Nav.
Regionleiar i Nav Sunnhordland, Håvard Lægreid, er glad for at sjukefråværet i Sveio har gått ned i første kvartal 2025, og trur IA-avtalen kan medverka til å styrkje denne nedgangen ytterlegare.

Styrker arbeidet med arbeidsinkludering

Med høg etterspurnad etter arbeidskraft ønsker Nav å styrkja arbeidet med inkludering i regionen. I januar tilsette Nav Sunnhordland Anlaug Rygg Svensen som ny inkluderingsrådgjevar.

– Anlaug skal bidra til at fleire får høve til å delta i arbeidslivet gjennom inkluderande rekruttering og tett samarbeid med lokale arbeidsgivarar. Ho vil knyta saman arbeidslivet sine behov med kompetansen og måla til arbeidssøkarane, koordinera regionale prosjekt, utvikla inkluderande rekrutteringstiltak og sikra god informasjonsflyt mellom næringslivet og dei seks Nav-kontora i regionen, seier Lægreid.

Prognose for 2026

I arbeidsmarknadsprognosen til Nav Vestland for 2026 er det venta at arbeidsmarknaden i Sunnhordland vil halda seg stabil gjennom året. Prognosen tilseier at talet på heilt ledige er venta å minka frå 1,1 prosent i 2025 til 1 prosent i 2026.

Samstunes peikar Nav Vestland på at global uro gjer framtidsbiletet meir usikkert, sjølv om etterspurnaden etter arbeidskraft er høg.

– Prognosen viser at mangel på arbeidskraft framleis vil vera ei stor utfordring i Sunnhordland og i Vestland. Å inkludera fleire av dei som står utanfor arbeidslivet blir difor eit viktig grep også i 2026, seier Anlaug Rygg Svensen, den nye inkluderingsrådgjevaren i Nav Sunnhordland.

– I 2025 var det i snitt 1,23 ledig stilling per heilt ledig arbeidssøkar i Sunnhordland. Dette talet er venta å auka endå meir i 2026. At etterspurnnaden etter arbeidskraft vil auka samstundes som talet på heilt ledige arbeidssøkarar vil minka, understrekar kor viktig det er å få inkludert fleire som står utanfor arbeidslivet, held Svensen fram.

Rekrutteringshjelp for arbeidsgivarane

Nav har også innført ei ny løysing som skal gjere det enklare for arbeidsgivarar å få hjelp med rekruttering. Når ei verksemd lyser ut ei stilling på arbeidsplassen.no, kan dei no kryssa av for «rekrutteringshjelp» og be om bistand.

– For verksemder i Sunnhordland betyr dette at dei automatisk blir kontakta av meg, som vil følgja opp behovet og bidra med råd, rekrutteringsstøtte og inkluderingstiltak, seier Svensen.

Powered by Labrador CMS