nyhende
Kommunestyret har tala – dette gjer dei med Ekrene-dommen
Etter tingrettsdommen i saka mot selskapet Ekrene 34 AS hadde Sveio kommunestyre ekstraordinært kommunestyremøte måndag. Bak lukka dører tok dei stilling til om kommunen skulle anke dommen frå tingretten.
I det rundt fire timar lange møtet kom kommunestyret fram til å anka dommen som vart avsagt av Haugaland og Sunnhordland tingrett 14. januar. Vedtaket vart gjort med 15 stemmer for anke og 9 stemmer mot. Møtet var unnateke offentlegheita etter offentleglova § 18 og gjekk derfor for lukka dører.
Vil ikkje grunngje anken offentleg
Rådmann Jostein Førre er ordknapp om kva som vart diskutert under møtet og kommunen si grunngjeving for anken. Vestavind har stilt han ei rekke spørsmål om både dommen og anken, der rådmannen svarar:
– Ønsker ikkje å prosedere anken/dommen offentleg.
Han stadfestar likevel at dei folkevalde fekk ei orientering om korleis kommunen sin advokat, Thor Harald Eike (Eurojuris), og kommuneadministrasjonen vurderte dommen, og at dei tilrådde å anka.
Tomtesal enda i milliondom
Saka dreier seg om salet av næringstomta på Ekrene, der Ekrene 34 AS har kravd prisavslag, erstatning og sakskostnader. I tingretten vart kommunen dømd til å betala 2,54 millionar kroner i prisavslag, 1,36 millionar kroner i erstatning og 781.605 kroner i sakskostnader til selskapet. Med forseinkingsrenter blir beløpet høgare enn dei om lag 4,68 millionar kronene.
Vestavind får også opplyst frå kommuneadministrasjonen at deira eigne advokatutgifter i denne saka førebels ligg på 894.000 kroner. Då blir det til saman om lag 5,58 millionar kroner i utgifter for kommunen, før renter og eventuelle nye kostnader. Beløpa er likevel ikkje endeleg avklara, ettersom saka no går vidare til lagmannsretten.
– Kva håpar kommunen å få ut av anken – frifinning, lågare beløp eller ei prinsipiell avklaring?
– Minst eitt av dei nemnde resultata, svarar rådmannen.
– Har de rekna på kva ein anke kan kosta dersom ein også ender opp med å tapa i lagmannsretten? Og blei kommunestyrerepresentantane informerte om dette?
Til dette svarar rådmannen «ja» på begge spørsmåla.
Førre stadfestar at anken er vidareformidla til kommunen sin advokat, som vil senda anken inn til tingretten i løpet av veka.
Vestavind har prøvd å få kontakt med advokaten til Ekrene 34 AS, Grethe Gullhaug, utan å lukkast.
Inhabil ordførar og forfall
Kommunestyret var ikkje fulltallig under møtet. Dei fristilte representantane Cato Sivertsen og Jan Øyvind Gravdal (tidlegare INP) meldte forfall, og det kom berre inn éin vararepresentant i deira stad.
Dermed var det 24 representantar som røysta i saka, ikkje 25 som ved eit fulltallig kommunestyre.
Ordførar André Mundal Haukås er inhabil i saka. Varaordførar Ruth Østebøvik Eriksen leia derfor møtet, og Lars Petter Lie (Sveio Høgre) møtte som vara.