nyhende
Ivrar for kulturopplevingar
I år fekk Sveio sin eigen kulturfestival. Det hadde ikkje skjedd utan at Marco Thomas (46) tok seg ein sykkeltur. Og ein haug med telefonar.
Ei rekkje Vestavind-lesarar har nominert Marco Thomas som ein verdig mottakar av Vestavind sin sommarbukett. Alle har trekt fram initiativet han tok, og alt arbeidet han la ned, for å få realisert Valestrand Kulturfestival, som gjekk av stabelen i slutten av mai i år.
— Tusen takk. Denne blomen set eg stor pris på å få, og eg tar i mot på vegner av alle som la ned mykje jobb med kulturfestivalen, seier han.
Han er audmjuk, og nesten litt brydd.
— Det var jo fleire som fekk mykje arbeid med festivalen. Og eg er veldig takknemleg for tida dei la ned i dette, seier han.
Frå storby til Sveio
Marco er opphavleg storbygut, frå Mülheim an der Ruhr. Kona, Gudrun, kjem frå landsbygda i Bayern. Dei kom til Noreg o 2009, og budde først på Fosen i Karmøy. Men i 2013 kjøpte dei hus på Ulveraker på Valestrand, nesten vegg-i-vegg med Valestrand kyrkje. Omlag midt mellom kvar sin jobb bur dei. Han er teaterpedagog i kulturskulen på Bømlo, ho er legesekretær i Aksdal.
— Me stortrivst i Sveio, seier han.
Ideen om ein kulturfestival starta med at amatør-teaterlaget Teartig, som Marco stifta i 2016, hadde hatt suksess med stykket «Revisoren». Dei hadde lyst til å gjere meir. Men koronapandemien sette det meste på vent. Men tanken var med då han sykla seg ein tur i nabolaget i fjor haust. Då han passerte den staselege og historiske Einstadbøvoll gard, gjekk det opp for han at garden var ein perfekt kulisse for eit teaterstykke. Eigaren Andres Blytt likte ideen og sa ja med ein gong.
Så berre balla det på seg. Og det noko så veldig.
— Eg tenkte at når me først hadde scene og lyd på plass, så kunne me utvide med musikk. Og så kan me jo ikkje ha kulturfestival i Sveio utan å invitere forfattar som Einar Økland og Agnes Ravatn.
Brått sto det både teater, konsertar, bokbad, kunstutstilling og anna på plakaten.
Mykje dugnadsjobb
Marco Thomas hadde sjølv regien på stykket teaterlaget sette opp, den greske komedien «Lysistrata». Han ringte rundt til andre potensielle kunstnarar, han skaffa sponsorar, og heldt i det meste av trådar. Samstundes skjøtta han jobben sin som teaterpedagog i kulturskolen på Bømlo, og han var på fleire reiser i heimlandet Tyskland, kor han stadig blir innleigd for å trene leiarar i store verksemder i presentasjonsteknikk.
— Ein periode jobba eg to-tre timer kvar dag med festivalen. Også når eg var på jobb i Tyskland, så vart det ein del festival-telefonar om kveldane, fortel han.
Saman med kona Gudrun, også ho frå Tyskland, har han tre mindreårige barn, Linnea (2), Felix (6) og Emil (8). Og når ein bur på Valestrand, skal ein også ha tid til å til dømes køyre barn på fotballtrening i Sveio.
— Korleis fekk du tid til alt?
— Heldigvis var det etter kvart mange som hjelpte til, seier han.
Mellom hjelparane han vil dele sommarbuketten med, trekk han fram Andres Blytt, Silje Marie Grutle, Grethe Alne, Monica Valen Vandaskog og Fred Nappen.
— Og èin ting har eg lært om sveibuen. Når det er noko viktig som står på spel så stiller dei opp. Det gjorde dei for festivalen, akkurat som då skulen vår i Valestrand var trua av nedlegging, seier han.
Han trekk også fram gode naboar som mellom anna trår til med barnepass mellom slaga.
578 billetter vart selde til den tre dagar lange festivalen. Fleire av billettane var familiebillettar, så det totale publikumstalet er høgare.
— Me var heldige med vêret. Det var jo meldt ein del regn, men det kom jo ikkje. Det vart tvert i mot sol på laurdagen, smiler han.
2024 neste gong?
Økonomisk gjekk det også bra. Det står om lag 90.000 kroner på bok. Det gir grunnlag for ein ny festival.
— Me får seie at, kanskje, blir det ny festival. Men det blir i så fall ikkje før i 2024. Me har første planleggingsmøte neste haust, så får me sjå, seier han.
Men han legg til at det blir tradisjonell Valestranddag neste år. I år var den implementert i festivalen.