nyhende

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Her er dei lokale smittevernråda

Like før helga sette inn delte rådmenn og kommunedirektørar frå fem kommunar på Haugalandet oppmodingar til innbyggjarane:

Det har no vore aukande smitte i vår region dei siste to vekene. Dette bidrar til auka belastning på sjukehuset og helsetenestene i kommunane.

I tråd med anbefalingar fra Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet gir kommunen følgande forsterka råd til befolkninga, òg dei som er vaksinerte.

Råd til befolkninga

  • Hald deg heime om du er sjuk med nyoppståtte luftvegssymptom – og test deg.
  • Hald avstand til andre der det er mogleg i det offentlege rom, gjerne éin meter.
  • Vurder bruk av munnbind dersom det ikkje er mogleg å halda minst éin meters avstand innandørs i det offentlege rom.
  • Vurder bruk av heimekontor når det er mogleg.
  • Reduser antalet nærkontaktar.

Kjelde: Sveio kommune

Powered by Labrador CMS