nyhende
Helse Fonna går til grøn beredskap
Auke i smitte og høgt press på mange avdelingar gjer at Helse Fonna no går til grøn beredskap. Pasientane blir oppmoda om å møte til timen sin.
Beredskapsleiinga i Helse Fonna vedtok fredag å gå over til grøn beredskap. Det betyr at helseføretaket førebur seg på auke i talet på pasientar med covid-19 dei komande dagane og vekene, og set i verk ein del tiltak.
Helse Fonna var i ulike nivå av beredskap frå pandemien starta til 11. juni i år. No går ein altså tilbake i beredskap.
– Det er fleire årsaker til dette. Aukande smitte i lokalsamfunnet, fråvær blant personale og stort press på enkelte avdelingar, særleg akuttmottak, medisinske sengepostar og barneavdelinga, gjer at me no aukar beredskapen, opplyser administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen i ei pressemelding.
I første omgang handlar det om mindre bygningsmessige tilpassingar og kartlegging av tilgjengelege personell, slik at føretaket er i stand til å behandla fleire pasientar.
Tredje koronarelaterte dødsfall
Fredag ligg det inne seks pasientar med påvist covid-19 på sjukehusa i Helse Fonna. Fem av desse ligg på Haugesund sjukehus, og ein pasient på Stord sjukehus. Ein av pasientane i Haugesund får intensivbehandling.
Denne veka døydde ein pasient med covid-19 på Haugesund sjukehus. Dette er det tredje koronarelaterte dødsfallet i Helse Fonna sidan pandemien starta.
Tilsett smitta med koronavirus
Ein medarbeidar ved Stord sjukehus fekk torsdag påvist smitte av koronavirus. Smittesporing blant pasientar og tilsette er avslutta. Det er så langt ikkje meldt om fleire smittetilfelle som følgje av dette.
– Vedkomande medarbeidar hadde vore på jobb i løpet av dei siste 48 timane før testen blei tatt, og kan derfor ha vore smitteførande på jobb. Me har følgt gjeldande rutinar og ringt til dei pasientane som medarbeidaren har vore i kontakt med. Me opplyser til dei at det er låg terskel for å testa seg, anten dei har fått symptom eller ikkje, seier Klausen.
Møt opp til timen
Klausen oppmodar alle som har time på sjukehusa om å møte som normalt, men følgje gjeldande rutinar om å ta kontakt før timen dersom ein mistenker at ein kan vera smitta.
Helse Fonna har denne veka bede folk om å unngå besøk til innlagte pasientar med mindre det er nødvendig. Dette er for å redusere risikoen for smitte i sjukehusa.
Det ligg fleire utskrivingsklare pasientar på sjukehusa i føretaket. Klausen oppmodar kommunane i opptaksområdet om å ta imot flest mogleg av desse for å redusera overbelegg og korridorpasientar på sjukehusa.