nyhende
Har tatt tempen på kva parti sveibuen ville stemt på no
Ei veljarundersøking utført av Sentio Research Norge, på oppdrag frå Sveio Høgre, viser at mange sveibuar mogleg ville ha endra stemmegivnad dersom det var kommuneval i morgon.
I meiningsmålinga får Ap får ein oppslutnad på 18,8 prosent, det er ein nedgang på 9,6 prosent frå kommunestyrevalet 2019. Frp går frå 13,3 prosent til 8,3 prosent.
– Skulestruktursaka har nok påverka sveibuen ganske mykje. Det er innlysande at når Ap og Frp ønskjer å leggja ned småskulane mot folket sin vilje så slår dette ut på meiningsmålinga også, fastslår Lars Einar Hollund i Sveio Høgre.
Senterpartiet gjer eit hopp
Partiet som scorar høgast er utan tvil Senterpartiet, med 31,3 prosent oppslutnad. Det er 12,5 prosent opp i høve til kommunevalet i 2019. Høgre går opp frå 18,1 prosent til 20,6 prosent.
– Me tolkar dette som gode signal, men er sjølvsagt klar over at dette berre er ein temperaturmålar, gjeldande her og nå, seier Hollund.
Vil få konsekvensar
Skulestruktur vedrører mange direkte, difor er Høgre-politikaren overtydd om at uansett utfall i denne saka, vil det påverka sveibuen når dei går til valurnene ved kommunevalet i 2023.
Meiningsmålinga viser at tre av fire ynskjer å behalda skulane. Målinga viser også at 45 prosent av Ap-tilhengarane meiner at ei nedlegging av Auklandshamn og Valestrand vil bidra til å utvikla bygdene i positiv retning for framtida. 29 prosent meiner nei, resten veit ikkje.
Tilsvarande har berre 6 prosent av Sp-tilhengarar tru på at ei nedlegging av skulane vil føra til vekst i bygdene. Heile 94 prosent set foten ned.
Totalt for alle parti er resultatet høvesvis 16 og 77 prosent på det same spørsmålet.
Skeptisk til veljarundersøkinga
Når Vestavind oppfordrar gruppeleiar i Sveio Ap, Håkon J. Skimmeland, om å kommentera
meiningsmålinga er han litt betenkt. Han meiner at spørsmåla som Sveio Høgre har fått Sentio Research Norge til å stilla i høve skulesaka, er slik utforma slik at ein ikkje får svar på det som er den eigentlege problemstillinga i skulesaka.
– Slik eg ser det held undersøkinga isolert sett ikkje mål. På bakgrunn av det, er eg av naturlege årsaker også skeptisk til veljarundersøkinga som skal ha blitt utført. Det er også svært spesielt å måtte kommentera ei lokal meiningsmåling initiert av eit politisk parti, som i tillegg har uttalt seg som ein politisk motstandar av Sveio Ap, meiner Skimmeland.
Han synest difor det meir korrekt å uttala seg på generelt grunnlag:
– Meiningsmålingar vil kunne endra seg frå dag til dag. Ei meiningsmåling vil i tillegg kunne bli svært påverka av ein konkret sak dersom målinga blir gjort midt i ein oppheita debatt slik som skulesaka. Sveio Ap har ein heilskapeleg politikk, og veljarane vil vurdera heilskapen når dei vurderer å stemma på oss. Sveio Ap opplever sterk støtte blant våre medlemmer og veljarar når me snakker med dei, eller dei tek kontakt med oss. Ingen har meldt seg ut av partiet mens skulesaka har gått føre seg. Tvert om har me fått nye medlemmer. Dette teiknar såleis eit heilt anna bilete enn det Høgre si meiningsmåling gjev uttrykk for. Dette viser for så vidt at ei enkeltståande meiningsmåling må vurderast kritisk på grunn av det uvisse ei slik måling vil vera prega av, fastslår Skimmeland.