nyhende

Seks unge personar står og sit samla framfor blå stolar i eit auditorium.
Klare for kabaret: Bak frå venstre: Jenny Haldin (Julie), Torbjørn Våga Rullestad (Emil), Runa Våge Kruklaug (innleigd frå Bømlo teater) og musikklærar Glenn Rand. Framme frå venstre: Oda Luggenes Bye (Eli) og Patrick Grutle (Tobias).

Fotball og kjærleik når ungdommane set opp kabaret

83 tiandeklassingar snur skulekvardagen på hovudet når fotball, kjærleik og klasseskilje blir til kabaret på Sveio skule i neste veke.

Publisert

I to veker legg 10.-klassingane ved Sveio skule vekk bøker og fag. No vert det jobba iherdig for å få alle brikkene på plass før elevane inviterer sveibuen til årets kabaret.

Årets framsyning tek publikum med inn i eit fotballmiljø der to lag kjempar om å få representera Sveio i Haugalandscupen. I bakgrunnen ligg også ei kjærleikshistorie som set både venskap og lojalitet på prøve, utan at elevane ønskjer å røpa for mykje om korleis det endar.

– Me er innom litt korleis ein lever i ulike sosiale klassar, seier Jenny Haldin, som spelar Julie i stykket.

Forboden kjærleik under øving: Eli (Oda Luggenes Bye) rekkjer ut handa mot Tobias (Patrick Grutle), medan Emil (Torbjørn Våga Rullestad) held han tilbake.

Ideen til årets kabaret vaks fram litt undervegs i førebuingane, fortel musikklærar Glenn Rand «Glennen», som har ansvar for opplegget.

– Eg hadde eigentleg ikkje tenkt på kjærleikshistorie i år også, men så vart det fotball i tillegg, seier han om det som vert hans andre år med kabaret på skulen.

PR, rekvisittar og rigging

Skodespelet er lagt til Sveio, og framsyninga vekslar mellom levande scenespel og ferdiginnspelte filmsnuttar. 

– Me får ikkje spela fotballkamp her inne, så nokre scener må løysast på ein annan måte, forklarer Oda Luggenes Bye. 

Bak scena er det minst like mykje aktivitet som på scena. Med 83 elevar involverte i produksjonen er det mange oppgåver som må på plass,  alt frå PR og billettsal til rekvisittar, kostyme, sminke, lyd og lys.

– Dei jobbar akkurat no med å laga program. Nokre lagar logoar, nokre skriv ut billettar og andre samlar sponsorar, seier Jenny.

Tobias og Eli står i sentrum

Hovudrollene blir spelte av Patrick Grutle og nemnde Oda, som er Tobias og Eli i stykket, etter inspirasjon frå artisten Tobias Sten og låta hans «Eli». 

Sjølv om dei begge er viktige aktørar i det som skal skje på scena, var inngangen til rollene litt forskjellig.

– Eg elskar jo skodespel. Det er noko eg har lyst til å halda på med vidare, seier Oda, og legg til at ho håpar å få halda fram med meir skodespel på dramalinja på Skeisvang vidaregåande etter sommaren.

Patrick fortel at han eigentleg såg for seg ei mindre rolle.

– Me fekk ei liste der me kunne skriva oss opp på kva typar roller vi ville ha. Eg skreiv meg opp på ei mindre rolle, men kompisen min Jaffar bytte meg over til lista for hovudrolla, forklarar Patrick, som tok utfordringa på strak arm.

Dei to hovudpersonane i årets kabaret: Oda Luggenes Bye som Eli og Patrick Grutle som Tobias.

Premieren går onsdag 18. oktober, og torsdag 19. oktober blir det to framsyningar. Fram til då er det framleis mykje som skal på plass, både på scena og bak kulissane. Men om éin ting er dei samde: Kabareten er ein tradisjon dei håpar både sveibuen og skulen tek vare på vidare.

Powered by Labrador CMS