nyhende
– Eg visste tidleg eg ville studera juss
Kva valde du i 10. klasse, korleis har yrkeslivet vore, og kva gode råd har du? Det er nokre av spørsmåla i serien «Yrkesval».
– Eg valde å gå på allmennfag på Skeisvang vgs, som no er studespesialisering. Allereie på ungdomsskulen hadde eg eit ønske om å studera juss, og då var studiespesialisering det rette valet for meg.
– Kva vidare utdanning har du tatt etter det?
– Eg har master i rettsvitenskap frå Universitetet i Bergen.
– Kva jobbar du med i dag, og korleis har vegen dit vore?
– I dag jobbar eg som direktør for forretningsutvikling og samfunnskontakt. Etter endt utdanning starta eg å jobba i Haugesund kommune som formannskapssekretær og rådgjevar. Etter eit par år der fekk eg jobb som advokatfullmektig i eit advokatfirma, og advokatløyve når vilkåra for det var innfridd.
– Eg valde å engasjera meg politisk for Arbeiderpartiet og blei vald til ordførar for ein valperiode. Mi erfaring som advokat og politikar er årsaka til at eg no arbeider mykje med påverknad opp mot myndigheitene for firmaet Sustainable Energy AS.
– Kva er ditt beste råd til 10. klassingane som snart skal søka vidare utdanning?
– Mitt råd er å ta ditt eige val. Eit som er basert på det du interesserer deg for, samt ei retning du veit det er behov for folk i slik at det er relativt lett å få jobb når du er ferdig med studiar.