nyhende

Slik feirar Odin Sveen Hesvik påsken.

– Eg synest påskeeggjakt er kjempegøy!

Påsken nærmar seg, og for mange blir påskedagane brukte på heilt ulike måtar. Me i Vestavind har spurt ulike sveibuar om korleis påsken deira ser ut.

Publisert Sist oppdatert

– Feirar du påske?

Dagens påskeenquete

Namn: Odin Sveen Hesvik 

Alder: 13 år

Bustad: Sveioåsen 

– Ja, eg feirar påske.

– Kva skal du gjera i påsken?

– Eg skal anten reisa på hytta i Sauda, eller så skal eg vera heime og kosa meg med godteri.

– Har du nokre påskefavorittar?

– Eg synest påskeeggjakt er kjempegøy.

– Kva er ditt beste påskeminne?

– Det beste påskeminnet mitt er frå då eg var sju-åtte år gammal og fekk tre påskeegg fulle av godteri.

Powered by Labrador CMS