nyhende

Slik feirar Sharda Walia påsken.

– Eg likar å feira med naboar på skulehuset i Buavåg

Påsken nærmar seg, og for mange blir påskedagane brukte på heilt ulike måtar. Me i Vestavind har spurt ulike sveibuar om korleis påsken deira ser ut.

Publisert

— Feirar du påske?

—  Ja.

Dagens påskeenquete

Namn: Sharda Walia

Alder: 70 år

Bustad: Tjernagel

— Kva skal du gjera i påsken?

— I påska skal eg pynta heime med påskepynt og sjokoladeegg. Eg skal også farga egg og dekorera med påskeris og anna påskepynt.

— Har du nokre påskefavorittar?

— Eg er veldig glad i aktivitetar i påska, og eg likar godt å feira saman med naboane på skulehuset i Buavåg. Det synest eg er ekstra hyggeleg.

— Kva er ditt beste påskeminne?

—  Eg veit ikkje. Eg har gløymt dei bort.

Powered by Labrador CMS