nyhende

Direktør i Miljødirektoratet, Hilde Singsaas, oppmodar folk om å halda avstand til sjøfugl og respektera ferdselsforbodet i hekketida.

Ber folk visa omsyn til sjøfuglane

No startar hekketida for sjøfuglane, og frå 15. april vert det innført ferdselsforbod mange stadar langs kysten – også i Sveio.

Publisert

Sjøfuglane går inn i den mest sårbare tida på året. Miljødirektoratet og Statens naturoppsyn oppmodar derfor folk til å visa ekstra omsyn når dei ferdast i område med fuglevilt.

Frå 15. april blir det ferdselsforbod mange stader langs kysten. Målet er å gje sjøfuglane ro og fred i hekketida, slik at dei kan ruge og ta vare på ungane utan å bli forstyrra.

Dramatisk nedgang i sjøfugl

– Det er viktig at me gjer det me kan for at sjøfuglane får vera i fred i hekketida. Viss dei blir forstyrra, kan egg bli tekne og ungar forlatne. Om du skal ut i båt eller kajakk, må du vera ekstra merksam på ferdselsforbodskilt og halda ein avstand på meir enn 50 meter til land, seier direktør i Miljødirektoratet, Hilde Singsaas, i ei pressemelding.

Ein fjerdedel av alle sjøfuglar i Europa hekkar i Noreg, men sjøfuglane har hatt ein dramatisk nedgang i bestandane dei siste åra.

Område utanfor Sveio

Også utanfor Sveio finst det fleire aktuelle område der folk må vera ekstra merksame i tida framover. Det gjeld mellom anna Otterøy og Hestholmen, Illholmane, Hovsøy, Låtersøy, Melne, Melneklubben, Lyngsøy, Oksøy og Raudholmane.

Statens naturoppsyn vil kontrollera ferdselsforbodet frå 15. april.

Miljødirektoratet oppmodar folk om å setta seg inn i kva reglar som gjeld i områda dei ferdast i. Ferdselsforboda er merkte med skilt på staden. I kartet på lenka under kan du sjå kvar ferdselsforboda gjeld.

Kart over ferdselsforbod

Powered by Labrador CMS