nyhende
Anne Enger trur framleis på fleirtal for EU-nei
Anne Enger blei, mot eigen vilje, krona til Nei-dronning då Noreg sa nei til EU i 1994. Ho meiner bestemt at det også i dag hadde blitt nei-fleirtal ved ei eventuell ny folkerøysting.
– Eg hadde aldri nokon spesiell plan om å gjere politisk karriere, og livet mitt har vore prega av tilfeldigheiter, seier Anne Enger.
Vi møter henne heime i bustaden hennar på Rygge sør for Moss. Trass i at vi er tidleg ute, står ho klar og tek imot oss. Kaffien er nytrakta og jordbær er handla inn – og ja, dei er norske. Men i utgangspunktet var ho ikkje heilt sikker på om ho ville stille til intervju:
– Eg synest at andre bør ta EU-debatten no. Ikkje fordi eg har endra syn, men fordi «eg har hatt mi tid, og meiner eg har gjort jobben min» som det vel heiter, sa Enger til Nynorsk pressekontor i førkant av intervjuet.
For Anne Enger karakteriserer seg sjølv som beskjeden. Ho hadde aldri noko ønske om å vere ein høgt profilert politikar. Likevel var det nettopp det ho vart: Som partileiar for Senterpartiet, stortingsrepresentant i fire periodar, kulturminister, fungerande statsminister, fungerande olje- og energiminister og fylkesmann har ho sett tydelege spor etter seg i det politiske Noreg. Trass i at ho er ute av politikken er ho framleis aktiv i samfunnslivet – og er blant anna medlem av Nobelkomiteen.
Jamgammal med EU
Enger, som blei fødd i desember 1949, vaks opp i etterkrigstida då internasjonalt samarbeid på tvers av nasjonale landegrenser stod høgt på dagsordenen.
Berre tre år etter at Enger kom til verda vart Den europeiske kol- og stålunionen oppretta. Fellesskapet regulerte produksjon av kol og stål i medlemslanda med sikte på å få kontroll over europeisk rustningsindustri. I 1957 blei dei to Romatraktatane signert. Desse traktatane etablerte Det europeiske økonomiske fellesskapet (EØF/EEC) og Det europeiske atomenergifellesskapet (EURATOM). Dei la med det grunnlaget for det som seinare blei Den europeiske unionen (EU).
– EU fekk Nobels fredspris i 2012. Det var før mi tid i komiteen og eg syntest det var merkeleg. Om dei hadde fått prisen i 1957 hadde det vore meir forståeleg. Kol- og stålunionen var jo faktisk viktig med tanke på dei to verdskrigane som hadde herja, minnest Enger som skildrar seg sjølv som ein sterk tilhengar av internasjonalt samarbeid, men motstandar av underkasting for marknadskrefter og oppbygging av unionar.
Anne Enger vaks opp på ein gard i Trøgstad i Østfold. Frå oppveksten hugsar ho godt bannera som hang på låvetak og ute på markene med teksten: «Nei til EEC». Bodskapen som blei forløparen til den rørsla ho sjølv skulle vere ein av frontfigurane for nokre år seinare.
Gro mot Anne
Etter kvart blei Enger aktiv i Senterpartiet. Sjølv om mange trudde KrF ville vere partiet for Enger, var det heilt uaktuelt for henne. Første gong ho kom inn på Stortinget var det på eit listesamband mellom KrF og Senterpartiet i Akershus i 1985. Det blei i alt fire periodar på Stortinget – og mange av dei åra var prega av kampen mot EU der statsminister Gro Harlem Brundtland var det fremste opponenten.
– Eg vil presisere at rolla mi har blitt overdriven i ettertid. Nei til EU med Kristen Nygaard i spissen var leiaren i EU-kampen. Men eg var partileiar for eit viktig parti på neisida: Det var mi rolle, og i partiet jobba vi beinhardt på neisida. Eg var veldig oppteken av at vi ikkje skulle bli tekne på feil. Difor lærte eg meg til dømes delar av EU-traktaten og siterte frå den når eg var ute og møtte folk, fortel ho.
Likte det ikkje
Enger hugsar ikkje første gong tilnamnet Nei-dronninga dukka opp, men ho likte det ikkje.
– Eg er overtydd om at tilnamnet kom frå Arbeidarpartiet og blei skapt for å svekkje meg. Det var nok eit ønskje om å sette meg opp mot Gro. Ho var då ein røynd politikar med lang erfaring, medan eg var ung og uerfaren i politikken.
Ved fleire høve prøvde Anne Enger å ta avstand frå «dronning-tittelen. Mellom anna sa ho dette i eit intervju: «I Noreg held vi oss ikkje med dronningar – utover den eine vi har.»
Nei-dronning-tittelen enda likevel opp med å bli ei heidersmerking.
– Difor har eg eit litt splitta syn på tilnamnet. På ei side synest eg det var umogleg å forhalde seg til. Det var jo ikkje riktig, berre ironisk meint. Etter kvart skjønte eg at folk eigentleg meinte at det var ein heiderstittel og berre meint hyggeleg. Då kunne eg ikkje ta avstand frå det, fortel ho.
Trufast
Det har gått 31 år sidan folket i Noreg førre gong sa nei til EU. Fleire sentrale politikarar tek til orde for at EU-spørsmålet enno ein gong må komme på dagsordenen, og spesielt er partia Venstre og MDG opptekne av at Noreg må bli medlem av unionen. Enger trur ei eventuell ny folkerøysting ville gitt oss same resultatet som i 1972 og i 1994:
– Ein skal ikkje undervurdere krafta i motkultur og grasrot – sjølv om det no verkar veldig greitt for jasida. Eg trur framleis det er sterk EU-motstand i landet vårt. Folk tenker sjølv, seier ho.
– Mange tek til orde for at Noreg treng EU i møte med ei stadig meir uroleg verd, kva tenkjer du om det?
– Eg trur ikkje felles konkurransereglar og marknadsliberalisme er ein garanti for demokrati, menneskerettar og rettsstat. Eg trur eit fredeleg land som Noreg med open økonomi, sterkt internasjonalt samarbeid og NATO-medlemskap ikkje blir tryggare av eit eventuelt EU-medlemskap.
Truga på livet
I åra som profilert Senterpartipolitikar var òg Enger med på å dra Senterpartiet mot venstre i det politiske landskapet. Frå 16. oktober 1989 til 3. november 1990 var Sp i koalisjonsregjering med Høgre og Kristeleg Folkeparti. Senterpartiet trekte seg ut på grunn av usemje om forholdet til EF og EØS-forhandlingane hausten 1990.
– Jan P. Syse og Høgre hadde nok forventa at vi skulle halde fram med å støtte ei rein Høgre-regjering. Men då var eg parlamentarisk leiar i stortingsgruppa vår, og vi gjekk inn for at Ap, som var det største partiet, skulle få danne ny regjering. Ap hadde EU-motstandarar i rekkene sine sjølv om leiinga var for. Dette var eit nytt og klart steg mot venstre. Senterpartiet har følgt opp dette retningsvalet i alle år etterpå. Det er eg veldig nøgd med, seier Enger.
Men valet Sp gjorde den gong kom ikkje utan konsekvensar.
– Det er einaste gong i livet eg har fått ein alvorleg drapstrugsel. Det gjorde ikkje akkurat EU-saka mindre viktig for meg. Det var ganske dramatisk! Ein venner seg ikkje lett til det, seier ho ettertenksamt.
Røft i rampelyset
Året etter EU-avstemminga i 1994 var det lokalval. Anne Enger skildrar denne tida som ein veldig tøff periode.
– Eg fekk ein knekk og mykje av grunnen til det var ei overskrift i media: «Nå vil hun bli statsminister». Det einaste eg hadde sagt var at det var naturleg at det største partiet hadde statsministeren, og vi var veldig store på den tida. For i 1993-valet vart Sp nest største parti på Stortinget – større enn Høgre. Det høyrer med til historia at KrF gjorde eit godt val i 1997, medan Sp tapte mykje. Etter valet blei det etablert ei mindretalsregjering med KrF, Sp og V. Leiaren av det største av partiet, Kjell Magne Bondevik, blei som kjent statsminister då.
Trass mange tøffe tak – minnest Anne Enger tida som rikspolitikar med glede.
– Det var ei fin tid, avsluttar ho.