Røya «Turid» som held til i området ved Auklandshamn skule måtte sjølvsagt vera med på feiringa. Ho er så glad i folk at ho til tider er plagsam.Foto: Einar Vestvik
17. mai-glimt frå Auklandshamn og Lid
Frilansarane våre har også feira 17. mai. Her er nokre av bildene Einar Vestvik og Kjartan Moe Hustvedt tok på den strålande nasjonaldagen. Har du 17. mai-bilde du vil dela? Send dei til tips@vestavind-sveio.no
Dei to elevane Tormod Kyvik og Erlend V. Andersen spelte blokkfløyte under arrangementet på skulen, Tormod også saksofon.Foto: Einar Vestvik
I Auklandshamn er det vanleg at to av elevane i 7. klasse held tale på 17. mai. I år var det Maria Selland og Hugo Rossehaug som hadde dette oppdraget.Foto: Einar Vestvik
Ordførar André Mundal Haukås var dagens hovedtaler under arrangementet ved Auklandshamn Skule.Foto: Einar Vestvik
Per S. Wathne heldt tale ved minnestøtta over dei falne sjøfolka i andre verdskrigen. I talen fortalte han mellom anna om foreldra sine, som begge var aktive i motstandsrørsla, og om si eiga teneste i Sjøforsvaret.Foto: Einar Vestvik
Som vanleg fekk førskulebarna traktorskyss i toget frå Eikeland kapell til minnestøtta i Auklandshamn. Per S. Wathne har lang erfaring som traktorførar.Foto: Einar Vestvik
Korpsmusikantare ved minnestøtta i Auklandshamn.Foto: Einar Vestvik
Toget i ferd med å ta oppstilling etter gudstenesta i Eikeland kapell.Foto: Einar Vestvik
Silje Tendeland har et godt grep om Sanna Tendeland Danielsen (2) når hun kaster på blink. Sanna håper å vinne en sprettball!Foto: Kjartan Moe Hustvedt
Christiana Panayiotou (27) har alltid feira 17.mai på Lid. Konkurransen er hard i hesteskokast.Foto: Kjartan Moe Hustvedt
David Selsås Prøysen (15) tar tida på Benjamin Framnes Rossehaug (15) som går for bestetid på å hamra ned tre spiker.Foto: Kjartan Moe Hustvedt