Annonse:
Ledig stilling: Vikar kundehandsamar Sveio miljøsentral
Søknadsfrist: 24.04.2026
SIM er ei viktig brikke i det grøne skiftet og har ansvaret for handtering av hushalds- avfallet i Sunnhordland. Me har no behov for vikar på miljøsentralen vår i Sveio, som kan stille på kort varsel og trø til ved behov. Har du ledig tid, likar serviceyrket, likar orden og logistikk, så kan dette vera ein jobb for deg.
Arbeidsoppgåver:
- kunderettleiing på miljøsentralen
- logistikkoppgåver
- halde miljøsentralen ryddig og i orden
- ta imot betaling
- ulike oppgåver etter behov
- vakter etter behov (Kan og bli aktuelt med vakter på Stord)
Du må:
- vera sjølvstendig
- trivast i møte med kundar i eit hektisk arbeidsmiljø
- ha stå- på- vilje og godt humør
- lika å halda god orden
- vera over 18 år
- vera villig til å ta kurs og opplæring etter behov
Nærare opplysningar får du hjå Lars Halleraker, tlf: 48 16 11 01.
Me gjer merksam på at søkjer kan bli ført opp på offentleg søkjarliste, sjølv om ein har bedt om anonymitet, men dette vil du bli varsla om.
Send søknad til: Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS, Meatjønnsvegen 43, 5412 Stord, eller e-post: sim@sim.as. Merk søknaden: «Vikar Sveio».
Søknadsfrist: Måndag 24. april.