nyhende

Mari Bermingrud gler seg til å læra barn med Suzuki-metoden.
Mari Bermingrud gler seg til å læra barn med Suzuki-metoden.

Lærer barn å spela på same måte som dei lærer å snakka

Kulturskulen byrjar på nyåret med Suzuki-metoden, ei undervisningsform kor barna lærer musikk ved å leika og lytta. – Det er ganske nytt i Noreg, seier kulturskulelærar Mari Bermingrud.

Publisert Sist oppdatert

Den andre måndagen i 2024, altså 8. januar, står Mari Bermingrud klar for å informera barn og foreldre om ein artig ny måte å læra musikk saman.

– I Sveio har me ikkje hatt det før. Det er ein undervisningsfilosofi kor foreldra er tett involverte i spelinga til barna sine, og barna lærar å spela på same måte som dei lærar seg å snakka. Det er ofte kalla «morsmålsmetoden», forklarar kulturskulelæraren.

Ikkje den Suzuki

Den andre måndagen i 2024, altså 8. januar, står Mari Bermingrud klar for å informera barn og foreldre om ein artig ny måte å læra musikk saman.

– I Sveio har me ikkje hatt det før. Det er ein undervisningsfilosofi kor foreldra er tett involverte i spelinga til barna sine, og barna lærar å spela på same måte som dei lærar seg å snakka. Det er ofte kalla «morsmålsmetoden», forklarar kulturskulelæraren.

Ikkje den Suzuki

Metoden heiter Suzuki, men ho trur ikkje det er kopla til industrigiganten og bilane.

– Å heite Suzuki i Japan er som å heite «Hansen» i Noreg. Men metoden er kalla opp etter ein lærar som eg trur hadde familie som dreiv ein instrumentfabrikk, fortel Bermingrud.

Ho håpar dette nye tilbodet kan gje yngre born ei mogelegheit til å spela musikk. Undervisninga er i grupper for barn mellom 4 til 8 år.

– Det er eit tilbod til dei som er for unge for korps. Det er gjort ganske mykje forsking som viser at det er heilt topp å byrja i 4-5 års alderen med å læra seg eit instrument, seier ho.

For foreldre meiner ho det er ein glimrande mogelegheit til å gjera noko saman med barna.

– Foreldra er også med på undervisninga, og kan vera med å spela heime saman med barna, seier Bermingrud.

Lytta, leika og læra

Til barna har dei klare minitrompetar som er tilpassa, og Bermingrud fortel at Suzuki-metoden sin styrke er mellom anna knytta til leiken i det heile.

– Det er eit sterkt fokus på å læra seg ting utanat, og læring gjennom lytting. Du kan tenka deg ein 4-5åring, dei kan ikkje lesa og kan difor ikkje lesa noter. Så i byrjinga lærar dei seg å spela ved å lytta og herma, seier ho.

Internasjonalt er metoden anerkjend og nyttast til mange instrument, sjølv om den opphaveleg byrja med fiolin. I Noreg er det berre fem personar som kan undervisa med Suzuki-metoden, og Bermingsrud er den einaste i kulturskulen. Ho har mastergrad i musikkpedagogikk frå Noregs musikkhøgskule, og skrev passande nok masteroppgåve om notelesing og undervising for nybegynnarar på messinginstrument.

– Under masteren lærte eg om Suzuki-metoden og tok utdanning i den etterpå fordi eg ville ha betre kompetanse til å undervisa små barn, seier ho.

No gler ho seg til å koma i gang og oppmodar alle interesserte om å koma på informasjonsmøtet.

– Det er uforpliktande og ein kan få vita meir, og prøva instrumenta sjølv. Me har både invididuell oppfølging og gruppeundervising, så me vert eit musikalsk fellesskap. Og sidan dei er så små er det veldig mykje leik i byrjinga, seier ho.

Powered by Labrador CMS