nyhende

Taskekrabben er ein god indikator for korleis det står til på forureina havbotn, trass i at han kan bevege seg over større område.
Taskekrabben er ein god indikator for korleis det står til på forureina havbotn, trass i at han kan bevege seg over større område.

Krabben kan vere hjelpemiddel for å måle tilstanden på havbotnen

Taskekrabben er ein god øko-indikator for korleis det står til på forureina havbotn, trass i at han kan bevege seg over store område.

Publisert Sist oppdatert

Det skriv Havforskingsinstituttet (HI).

I over 20 år vart avfall frå ei titangruve deponert i Jøssingfjorden. I den mest aktive perioden, på 1980-talet, var mengdene estimerte til kring to millionar tonn kvart einaste år.

– Vi har utvikla ein modell som lèt oss spore fleire tungmetall frå land til sjøen til marine sediment og til taskekrabben, som ofte vert eten av menneske, forklarar havforskar Michael Bank i ein artikkel på nettsidene til HI.

Kan koplast til ei kjelde

I 2018 samla instituttet sedimentprøver og taskekrabbar i deponi-området og frå eit referanseområde.

– Vanlegvis kan vi vise at sediment har høge nivå av gitte tungmetall, men vi kan ikkje direkte kople desse til ei kjelde. Det kan vi no, forklarar Bank.

Forskarane har utført isotop-analysar på ei heil rekkje «nye» tungmetall, som bly, kadmium, jern, sink og kopar, i tillegg til det meir veletablerte kvikksølvet.

– For Jøssingfjordens økosystem, var bly-isotopane dei mest eigna for å spore kvar forureininga har kome frå, seier Bank.

Konsekvensane varer ved

Undersøkingane syner at isotopverdiane og grunnstoff-samansetninga i prøvene frå taskekrabbe og sediment i deponi-området skil seg markant frå dei frå referanseområdet. Sedimentet i Jøssingfjorden fell under kategoriane «alvorleg forureina» for kopar og «moderat» forureina for nikkel, i Miljødirektoratets klassifiseringar.

– Funna våre syner kor lang tidshorisonten er for marine økosystem, når det gjeld denne typen aktivitet. Konsekvensane varar ved, over 30 år etter deponeringa tok slutt, seier havforskar Samuel Rastrick.

Powered by Labrador CMS