Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Stine Elisabeth Thorsen elskar å halda på med dyr:
– Alltid nokon som har bruk for egg
Det starta for ti-elleve år sidan med byggesettet til eit mini hobbyhønsehus og fire vaksne høner frå Valestrand. I dag har Stine Elisabeth Thorsen rundt 70 verpehøns.
Avkastinga er gjerne rundt 30-40 egg om dagen. Det er sjølvsagt langt meir enn ho har bruk for sjølv, men ho har mange vener og kontaktar som ringjer eller sender meldingar om å få kjøpa egg.
I ein periode med mangel på egg i mange butikkar, har etterspurnaden tatt seg kraftig opp. Tida før jul, men også etterjulsvinteren har vore høgsesong. Til tider har ho hatt ventelister. Til og med på julaftan og 1. juledag hadde ho besøk av folk som hadde bruk for egg.
Spør på Facebook
Elles går det i rykk og napp. Påske er gjerne høgsesong for egg, difor reknar ho med mange førespurnader i desse dagane. Når lagerbehaldninga elles i året er i ferd med å byggja seg opp, spør ho gjerne på Facebook om nokon treng egg. På den måten har ho skaffa seg mange nye kundar.
– Me leverer på døra utan tillegg i prisen til kundar på Bua, Tjernagel og Auklandshamn, fortel ho, og opplever at mange set pris på dette ekstra servicetilbodet.
Lever fritt
Sjølv om hønsehaldet hennar har vakse seg ut over eit normalt hobbystadium, lever hønene til Thorsen eit fritt og godt liv utan produksjonskrav og strenge bedriftsøkonmiske vurderingar. Dei har eit stort inngjerda uteområde som dei stort sett held seg innanfor.
– Eg har som prinsipp at eg aldri vil eta mine eigne dyr. Hønene mine får leva til dei døyr naturleg, seier ho.
Av den grunn er det ein del «pensjonistar» i flokken. Thorsen viser fram den aller eldste, ei høne på elleve år som ho fekk kort tid etter at ho starta med hønsehald.
Fleire rasar
Hønseflokken til Thorsen er eit fargerikt fellesskap. Fleire rasar og krysningar mellom rasar er representerte. Og sidan det også finst ein hane i flokken, hender det at dei sjølve tar ansvar for reproduksjonen. Som eksempel nemner Thorsen ei høne som forsvann og var borte i fleire veker. Då ho dukka opp igjen, hadde ho med seg ein flokk på sju kyllingar.
– I starten var eg opptatt av flotte og fargerike hønserasar. No prioriterer eg heller gode eggleggarar og har fleire gonger kjøpt verpeklare industrihøner frå ein oppdrettar på Jæren, fortel ho.
Idyllisk
Thorsen bur på Emberland. Mange vil nok seia at det er avsides. Ho fortel om ei oppleving av fredfull idyll. Ho bur heilt innunder Emberlandsnipen. Frå tunet og stoveglasa i 1800-talshuset som ho disponerer, har ho fri utsikt til markene nedanfor, Emberlandsvatnet og vidare vestover der sommarsola ventar til langt på kveld med å gå ned. Ho er omgitt av mange hytter, men har også fastbuande naboar i fleire hus.
– Å bu her og halda på med dyr er ei eiga oppleving, seier Thorsen, som i tillegg til hønene også har fire kattar.
Dessutan har kjærasten hennar nærare 50 sauer. No er lemminga så smått i gang. Då er Thorsen med som «jordmor». Til tider har ho hatt flaskelam både ute og inne. Denne våren kan det bli 116 lam å ta imot, seier ho.
Hønsetjuvar
Nærleiken til naturen betyr også nærkontakt med den ville faunaen i området. Det er ikkje berre problemfritt med tanke på hønsehaldet.
– Hauken er verst, men eg har også hatt besøk av både rev og mår eller mink, fortel Thorsen.
Hjorten, som ofte samlar seg i store flokkar på markene nedanfor, er vakre å sjå på og fine å fotografera. Men dei gjer også stor skade, både for dyrka mark og naboane sine rundballar.
Havørna er også eit daglegdags syn, men har ikkje vore noko problem for hønsegarden.