lesarbidrag

Eit rikt gevinstbord og helselaget sitt arbeid bidrog til at mange loddbøker blei fylte under julemessa i 2025. Frå venstre: Tove Kallevik, Ruth Eidsvåg, Reidun Horneland og Laila Agnette Helvik, alle frå Einstadbøvoll helselag.

Stor aktivitet i Einstabøvoll helselag

I år hadde laget besøk av Kristoffer Ervesvåg på årsmøtet. Han kom og fortalde litt om arbeidet sitt som fysioterapeut på helsestasjon for seniorar. Eit interessant foredrag som gav oss eit godt innblikk i kva hjelp og støtte ein kan få i kommunen når ein blir eldre. 

I god helselagsånd serverte laget pastasalat og kaffi før ein starta årsmøte.

Aktivt lag

Einstadbøvoll helselag viser gjennom årsmeldinga si at det er eit aktivt lag. I løpet av 2025 har laget arrangert lefsekurs, komlemiddag, folkehelseveka, med frokost for elevar som deltok på hopp for hjerte, og hjertemarsj. Pensjonisttur var til Austevoll med 45 stykker på tur. 

Laget var med på demensaksjonen med bøsseberarar rundt i heile kommunen og samla inn heile 46.816 kr. Det blei sendt inn 66.816 kroner til Nasjonalforeningen, og av desse var 20.000 inntekt frå komlemiddagen som var i februar. 

Laget hadde i september Syng med oss-treff på Sveio omsorggsenter med song, opplesing, kaffi og kaker. Dette blir alltid tatt godt imot. 

Julemessa vart holdt 22 november. Med mykje folk og eit godt resultat. Ståle Eskeland, og kjend som sinnamekkeren var på besøk då laget hadde adventsmøte i desember. 

Iløpet av året støttar laget Valestrand Oppvekstsenter frukt til elevane som utgjer ein kostnad på ca 17000 i året. Laget har og støtta skulen med bidrag i forbindelse med samenes dag og skuletur. Laget støttar og Sisu 4H. 

Nyvalt styre i Einstadbøvoll helselag 2026:

  • Inger Bente Nilsen, leiar
  • Olga Schmall, nestleiar
  • Marta Haugsgjerd, kasserar
  • Tove Glette Kallevik, skrivar/annonseansvarleg
  • Synnøve Strømøy, styremedlem
  • Aud Skaug, styremedlem
  • Bente Iren Bjørgen, varamedlem
  • Gunnbjørg Tapaninen, varamedlem
  • Frode Gravelsæter, revisor
  • Gunda Bjørgen og Elin Vandaskog, valkomite

Styret vil retta ein stor takk til alle som er med oss i løpet av året, både med å komme på møta våre og å stille opp på dugnadsdagar i forbindelse med julemessa.

Inger Bente Nilsen

Powered by Labrador CMS