nyhende
Vikse-elevane samla inn flest batteri per elev
4. trinn ved Vikse skule er ikkje den største klassen, men med ståpåvilje og iherdig innsats beit dei godt frå seg i årets batterijakt.
«Batterijakten» er ein årleg konkurranse som blir arrangert av Miljøagentane, der fjerdeklassingar frå heile landet konkurrerer om å samla inn så mange brukte batteri som mogleg. Målet er å setta fokus på gjenvinning og miljø.
I årets utgåve var nær 15.000 elevar påmeldte. Elleve av dei var gjengen på 4. trinn ved Vikse skule.
Frå nabolaget til klasserommet
– Me samla inn batteri heimanfrå, og så gav mormor og morfar masse batteri også, fortel Bjørn-Celius Strømsvold om korleis han bidrog til å samla inn flest mogleg batteri.
Elevane nøgde seg ikkje med å leita heime, men gjekk også aktivt ut for å tømma Sveio for brukte batteri.
– Eg gjekk rundt med ein venn i nabolaget for å samla, fortel Tilda Andersen Dalen.
For nokre blei innsatsen også bokstaveleg tala tung å bera. Bjørn-Celius fortel at han på det meste hadde med seg 13 kilo batteri til skulen. Då måtte foreldra nesten køyra heilt inn til klasserommet for å få dei leverte.
Mange batteri på små hender
Saman samla klassen heile 5.849 brukte batteri i løpet av vekene konkurransen gjekk føre seg. Det betyr at den vesle klassen stod for i overkant av éin prosent av alle batteria som blei samla inn på landsbasis. Resultatet heldt til nest høgaste totalsum i Vestland, og klart beste resultat per elev i fylket.
– Det var kjekkare enn å gjera matte og andre greier, seier Tilda med eit smil.
Meir enn berre ein konkurranse
Med tusenvis av batteri inn i klasserommet lærte elevane også kor viktig det er å handtera brukte batteri rett.
– Ein må teipa på endane og kasta dei der dei skal, elles kan dei vera brannfarlege, forklarar April Hoff Nygaard.
Ho fortel at dei brukte mange timar på å teipa batteria dei hadde samla inn, fordi dei fleste ikkje var teipa frå før.
– Me må passa på batteri, og me må vera meir forsiktige med miljøet, held April fram.
Ho fortel at klassen har sett både bilete og videoar som viser korleis menneske forsøplar verda.
– Det gjer meg litt trist, fordi eg skjønar at me forsøplar altfor mykje, seier April.
Sjølv om 4. trinn ved Vikse skule samla inn klart flest batteri per elev i Vestland, var det 4C ved Liland skule i Bergen som stakk av med fylkessigeren og premien på 40.00 kroner. April, Tilda og Bjørn-Celius er likevel klare på at dei har fått mykje ut av «Batterijakten». Dei siste tre vekene har dei både lært mykje og hatt det kjekt.