nyhende

Frå starten av Sveio O-lags arrangement under fjorårets Vestlandspremiere som gjekk i strålande vårvêr. I midten: Martin Enerstvedt frå Sveio O-lag får instruksjonar før start av statsfunksjonær Geir Milford.

Ventar storinnrykk i Auklandshamn

Laurdag er det igjen klart for stort orienteringsløp i Auklandshamn. Her kan både nybyrjarar og erfarne o-løparar delta.

Publisert

I fjor deltok meir enn 200 o-løparar i tilsvarande tevling. Sveio O-lag skriv i ei pressemelding at dei håpe på at minst like mange blir med i år.

Samlingsplass og målpassering er lagt til Auklandshamn skule. Påmelding begynner ei time før start, og du finn meir info på o-laget si nettside eller annonse i avisa.

Sveio O-lag har synfart delar av det aktuelle løpsterrenget på ny, slik at deltakarane får prøva seg med eit nytt kart i hand. Løypene er for o-løparar i alle aldrar frå 5 til 85 år og på ulike ferdigheitsnivå og ambisjonsnivå. Løypetilbodet varierer frå dei enklaste og kortaste for nybyrjarar og dei aller yngste, opp til dei meir avanserte o-løypene for erfarne løparar.

– Me håpar på godvêr, folkefest og opnar kiosk med sal av pølser i brød, nysteikte vaflar, saft og kaffi, seier Thomas Førde, leiar i Sveio O-lag.

Han understrekar at alle som ønsker å prøva seg i o-sporten er velkomne til å delta.

Powered by Labrador CMS