nyhende
Nav-analyse:
Stor auke i psykisk sjukefråvær i heile befolkninga
Nesten halvparten av auken i sjukefråværet frå 2019 til 2023 blir knytt til sjukefråvær med psykiske diagnosar, men forskarane klarer ikkje å finna ut kvifor.
Auken dreier seg hovudsakleg om at fleire blir sjukmelde med psykiske plager, og ikkje at dei same personane blir sjukmelde oftare. Det viser ein ny analyse frå Nav.
Risikoen for å bli sjukmeld med psykiske plager er altså høgare for heile befolkninga.
– Det tyder på at auken ikkje blir driven av enkeltgrupper, men truleg kjem endringar av ting i samfunnet som har påverka heile den yrkesaktive befolkninga relativt likt, seier Lamija Delalic, ein av forskarane bak analysen.
Heilt likt risikobilete
Allereie i 2018, før pandemien, kunne ein peike på enkelte grupper med høgare risiko for å bli sjukmeld med psykiske plager. Blant desse var kvinner, personar i 30-åra, personar med barn under 18 år, personar utan partnar og dessutan personar i yrke som krev høgskuleutdanning, sals-serviceyrke og omsorgsyrke.
Dette risikobiletet ser heilt likt ut no, forutan ein litt høgare risiko blant unge under 30 år.
– Me hadde nok venta å sjå eit tydelegare endringsbilete, eller at nokre grupper ville skilja seg ut med ein større auke. I staden har alle grupper i befolkninga ein høgare risiko for å bli sjukmeld med ein psykisk diagnose fem år seinare. Dette er eit minst like viktig funn, seier Delalic.
Usikker årsak
Analysen avviser forklaringar som auka bruk av heimekontor, sosiale medium og endra arbeidspress i utsette næringar.
I staden meiner forskarane ar det må forskast meir på om den psykiske helsa til befolkninga rett og slett har vorte dårlegare, sjølv om det ikkje nødvendigvis er tilfelle.
– Det kan også vera at folk har lettare for å gå til legen med psykiske problem no enn før, eller at legar har fått ein auka forståing og aksept for å innvilga sjukmeldingar til personar med psykiske plager, seier Delalic.
Likevel er det mogleg at utviklinga kan knytast til koronapandemien.
– At sjukefråvær med psykiske diagnosar også har auka i fleire andre land, peikar mot at den psykiske helsa til befolkninga kan ha endra seg etter pandemien, seier Delalic.