nyhende
SSB og FHI: Eldre menn manglar oftare enn kvinner nokon å be om hjelp
Statistikk og ein ny studie viser at eldre menn som bur åleine, er ei sårbar gruppe. Dei har større risiko enn kvinner for å mangle nokon å spørje om hjelp.
Jo eldre folk blir, desto større behov for praktisk hjelp og sosial støtte ved behov. 97 prosent av heimebuande personar over 70 år i Noreg oppgir at dei har nokon i familien, eller blant venner og naboar, dei kan spørje om hjelp, ifølgje ein studie frå Folkehelseinstituttet (FHI). Men enkelte grupper har ingen, og særleg eldre som bur åleine, er utsett.
Kvar tredje eldre person i Noreg, over 300.000 personar til saman, bur åleine, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB) i ein analyse. Det er grunn til å tru at familien, særleg eigne barn, bidreg regelmessig, og slik sett er ein viktig ressurs.
24 prosent av åleinebuande eldre, 73.700 personar, har ikkje familie som bur innanfor 30 minutts køyreavstand. Det gjer dei ekstra sårbare i kvardagen, ifølgje SSB.
Fleire menn utan barn
FHI-undersøkinga byggjer på data frå over 24.000 deltakarar i Helseundersøkelsen i Trøndelag (HUNT4; 2017-19). Også her finn dei at åleinebuande har høgare risiko for å ikkje ha nok støtte.
– Eldre som bur åleine – spesielt menn tidleg i 70-åra – hadde mykje høgare risiko for å mangle nokon å spørje om hjelp ved behov, samanlikna med dei som bur saman med andre, heiter det i lista over funn.
Det er grunn til å tru at familien, særleg eigne barn, bidreg regelmessig, og slik sett er ein viktig ressurs. Berre 37prosent av dei åleinebuande eldre har ifølgje SSB vaksne barn som bur i nærleiken. Her er det store kjønnsforskjellar. 49 prosent, nesten halvparten, av dei åleinebuande mennene har ikkje barn busett i nærleiken. Tilsvarande del for åleinebuande kvinner er 31 prosent.
Ein del av forskjellen kan forklarast ved at det er fleire menn enn kvinner som ikkje har barn i det heile.
Målretta tiltak
Seniorforskar Bjørn Heine Strand ved FHI understrekar at når 97 prosent av dei heimebuande har nokon dei kan spørje, er det positive resultat.
– Uformell hjelp og sosial støtte kan vere viktig for at vi skal kunne leve mest mogleg sjølvstendige liv, og bu lengst mogleg heime når vi blir eldre, seier Strand.
Han seier likevel resultata reiser viktige spørsmål rundt korleis vi som samfunn skal vareta dei som står i fare for sosial isolasjon, som menn.
– Her kan det vere behov for målretta tiltak for å sikre at eldre menn har tilstrekkelege ressursar for å bli buande heime, seier Strand.
Strand seier spørsmåla blir meir og meir aktuelle særleg fordi det blir fleire eldre og belastninga på pårørande aukar.