nyhende
Spør sveibuar og andre vestlendingar om helse og livskvalitet
I dag får 222.000 vestlendingar invitasjon til å delta i ei stor folkehelseundersøking.
Målet er meir kunnskap om helse og livskvalitet blant vaksne i Vestland. Undersøkinga blir gjennomført av Vestland fylkeskommune i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI) og kommunane i fylket.
– No håper me så mange som mogleg tek seg tid til å svara. Fylkeskommunen og kommunane treng å høyra korleis innbyggarane i Vestland har det for å gjera fylket til ein endå betre stad å bu og leva, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland i ei pressemelding.
Dei som skal svara, får invitasjon
Årets folkehelseundersøking blir for første gong gjennomført på Helsenorge. Det betyr at dei 222.054 innbyggarane som er trekte ut til å delta, får invitasjon frå FHI på den måten dei har valt å få varsel på i Helsenorge, til dømes SMS, e-post eller begge.
Det betyr også at det ikkje er noko lenke til undersøkinga i invitasjonen. For å svara på undersøkinga, må dei inviterte logga seg inn i Helsenorge med BankID.
Dersom nokon opplever å få invitasjon med lenke, kan dette vera svindel.
Det tek om lag 20-25 minutt å svara, og det er enkelt og trygt å delta. Svara blir behandla i tråd med gjeldande personvernreglar, slik at ingen kan kjennast att i resultata som blir publiserte.
Spørsmål om klimaendringar og beredskap
I undersøkinga er det spørsmål om helse og nærmiljø og livskvalitet, og andre forhold som er viktige for folkehelsa i fylket. Resultata vil bli brukte i folkehelsearbeidet i kommunane og i fylkeskommunen.
Folkehelseundersøkinga skal også kartlegge i kva grad vestlendingane synest det er viktig med eigenberedskap, og om dei trur klimaendringar kjem til å påverke framtida negativt.
Folkehelseundersøkinga i 2022 viste at 12 prosent av dei som svarte i Vestland, rapporterte låg grad av framtidsoptimisme.
Fire år sidan førre undersøking
Det er altså fire år sidan førre folkehelseundersøking i fylket. Då svarte 19,2 prosent at dei hadde økonomiske vanskar og syntest det var vanskeleg å få hushaldsinntekta til å strekka til i det daglege.
– Me er spente på korleis Vestland ligg an no. Med auken me har sett i mat- og energiprisar den siste tida, ventar me ein auke. Svara i undersøkinga vil gje oss viktig kunnskap. Det er også viktig å få innsikt i moglege skilnadar mellom dei ulike delane av fylket, slik at me kan jobba for trygga, attraktive og livskraftige lokalsamfunn i heile Vestland, seier fylkesordføraren.