nyhende

Hilde Westgard Langeland meiner sauer kan gi sjelero og brukar dei aktivt som terapidyr.
Hilde Westgard Langeland meiner sauer kan gi sjelero og brukar dei aktivt som terapidyr.

Sauen gir deg sjelero – og hunden kan gjere lesing lettare

Du trur kanskje at sauen berre kan gi oss pinnekjøtt og varmande ull, og at hunden berre kan gjere nytten som turkamerat? Men sauer kan faktisk brukast i terapi også, og mykje tyder på at hunden kan ha god effekt for å få barn til å roe seg og lettare lære seg å lese.

Publisert Sist oppdatert

Det er dyrerikt på Inn på Tunet-garden til Hilde Westgaard Langeland. Her er garden omgjort til ein læringsarena for barn og unge, og kvart einaste dyr er trent opp til å vere saman med dei som kjem på besøk. Til saman har ho to sauer, tre hestar, to kattar, ein hund og fem høner.

– Eg kunne ikkje tenkt meg eit liv utan dyr. Kva slags liv ville det ha vore, undrar ho.

Sauen tar bort stresset

Haustsola skin og sauene beitar berre nokre få meter unna tunet når Nynorsk pressekontor besøkjer garden. Ved første augekast ser dei ut som vanlege sauer, og det er dei vel eigentleg også, sjølv om gammalnorsk spelsau ikkje er av dei vanlegaste sauene her til lands. Men når eigaren nærmar seg, går tett på, helser dei på henne som to søreuropearar som treffer ei god venninne. Her er det kyss på begge kinn som gjeld!

– Sauene har ein veldig roande verknad på både meg og ungdomane som er på garden. Det er som om dei fjernar all stress, seier Langeland.

– Korleis har du klart å trene dei opp til å bli så sosiale?

– Det er eigentleg berre å kose masse med dei. Kattane vil ha ein godbit for å kome, men sauene er godt nøgde berre dei blir klødd litt, seier ho.

Ho påpeikar at denne rasen er spesielt godt eigna til å vere både sosial og å roe ned menneska dei møter. Derfor får ungdomane på garden ofte gå ein tur bort til sauene før dei møter dei andre dyra.

Hilde Westgard Langeland lever tett på dyra sine og slår gjerne av ein prat med hestane.

Jentekrefter

Den dyrekjære dama har doktorgrad i helsefremjing med hest, og er i tillegg utdanna coach og rettleiar med lektorkompetanse. Så det er ingen løyndom at dei firbeinte tar opp store delar av livet hennar.

– Dyra har så mykje å gi oss menneske, dersom vi møter dei på riktig måte. Det siste året har eg engasjert meg mykje i eit prosjekt som heiter «Jentekrefter» der eg vil inspirere alle jenter til å finne jentekrafta si og bli sterke i seg sjølve saman med andre. Alt dette skjer med hesten i sentrum.

Metoden er kjent frå Sverige og lagøvingar saman med hesten skal gi livsmeistring og sjølvtillit til jentene.

– Saman med hesten torer dei å vere seg sjølve, dei kan vere møkkete i den eine augneblinken, for så å ta på seg naglelakk og pynte seg seinare på dagen, seier Langeland.

Akkurat no handlar det om «jentekrefter», men ho ser ikkje bort frå at ho kan utvikle eit opplegg for gutar eller jenter og gutar saman, i framtida.

Herdis Assev har nettopp skrive masteroppgåve om korleis hunden kan hjelpe barn med lesinga.

Lesehunden Freia

Hund er mykje brukt innan terapi, og mange sjukeheimar og andre institusjonar får besøk av sertifiserte hundar som skal skape trivsel for sjuke og eldre. Men at hunden kan hjelpe barn til å lære å lese er kanskje ei nyheit for dei fleste av oss. Herdis Assev har nyleg skrive ei masteroppgåve om dette og har følgt ein 3. klasse over seks veker, saman med hunden Freia.

– Det var utruleg moro å observere det som skjedde mellom elev og hund i klasserommet. Mange sat og klødde hunden medan dei las, og eg kunne sjå at fingrane tok eit litt hardare tak i pelsen når teksten blei vanskeleg, seier Herdis Assev. Ho har sjølv fire barn som også likar å sitte med hunden i fanget når dei les.

– Det er heilt klart at motivasjonen til barna aukar når dei kan lese saman med hunden. I tillegg er det fint for barna og få eit avbrekk frå Ipad og andre digitale verktøy og berre kjenne på kor fint det er å sitte saman med ein hund som ikkje krev noko av dei. I tillegg har vi alle godt av å kjenne oss elska, og det er hundar gode på, seier Assev.

Ein ting er i alle fall heilt sikkert. Elevane vil gjerne ha ein fast hund i klasserommet.

– Både lærarar, foreldre og barn ville ha meir av dette, seier Assev.

Fekk katt i seksårsgåve

Fleire vitskaplege studiar viser at hundar, kattar og andre kjæledyr kan betre helsa og livskvaliteten til oss menneske, og spesielt er det mange barn og unge som har stor glede av dyr.

Ein av desse er 18 år gamle Ingvild Vaalund som kan skrive under på at katten hennar gir betre livskvalitet. Ho ser på katten sin som ein veldig god ven. Heilt sidan ho fekk Luna i gåve til seksårsdagen har dei to vore veldig nær kvarandre.

– Med eit kjæledyr som katt, har du alltid nokon å kose og snakke med, seier Ingvild.

Ingvild har eit tett forhold til katten Luna og snakkar ofte med kjæledyret sitt både på gode og dårlege dagar.
Powered by Labrador CMS