nyhende
Redningsselskapet ber regjeringa om hjelp til å få ned drukningstala
Gjennom sommaren har 39 personar mista livet i drukningsulykker. Halvparten var 60 år eller eldre, viser Redningsselskapets drukningsstatistikk.
– Dei triste tala understrekar kor viktig det er at nullvisjonen, som regjeringa vedtok i august i fjor, blir følgd opp av ein handlingsplan og meir ressursar til det drukningsførebyggjande arbeidet, seier generalsekretær Grete Herlofson.
Alle utanom éi av drukningsulykkene i sommar skjedde frå fritidsbåt, under bading og etter fall frå land, skriv Redningsselskapet i ei pressemelding.
Halvparten 60 år eller eldre
Tala er noko høgare enn i fjor. 15 menn og to kvinner drukna i samband med bruk av fritidsbåt. I same periode i fjor døydde 11 personar frå fritidsbåt.
Seks kvinner og fem menn drukna under bading – også fleire enn i fjor. Medan ni menn og ei kvinne omkom etter å ha falle frå land denne sommaren, og det er like mange som i same periode i fjor.
Den yngste som drukna var ein 13-åring, medan dei eldste var i 80-åra. 49 prosent av dei som drukna i sommar, var 60 år eller eldre.
14 drukningsulykker i august
Ti menn og fire kvinner omkom i drukningsulykker i august.
Fritidsbåt:
- Vestland: Ein mann i 60-åra omkom etter å ha falle i sjøen frå ein kai eller båt ved ei øy i Austevoll kommune.
- Vestland: Ei amerikansk kvinne i slutten av 20-åra døydde etter at ein vikingbåt frå Færøyane kantra utanfor Stad kommune. Fem personar blei redda.
- Møre og Romsdal: Ein mann i 80-åra omkom i drukningsulykke i Innfjorden i Rauma, etter å ha falle mellom båt og brygge.
- Agder: En mann i 70-åra omkom etter at han fall mellom fritidsbåt og brygge ved Gjeving i Tvedestrand kommune.
- Agder: En mann i 40-åra omkom etter at ein båt køyrde på eit skjær i elva Otra i Kristiansand. Ein person overlevde ulykka.
Fall frå land:
- Vestland: Ein 13 år gammel gut fra Ungarn, som var på ferie i Noreg med familien, omkom etter at han fall i Bondhuselva i Kvinnherad.
- Østfold: Ein mann i slutten av 20-åra ble funne omkomen i elva Tista i Halden kommune etter å ha falle frå land.
- Akershus: Ei kvinne i 70-åra ble funne omkomen i eit vann i Jevnaker kommune etter å ha blitt meldt sakna etter gåtur.
- Agder: Ein polsk mann i 20-åra, som var busett i Rogaland, omkom etter å ha falle i sjøen ved Brufjellhålene i Flekkefjord.
Bading:
- Rogaland: Ein mann i 20-åra omkom under bading på Orrestranda i Klepp kommune.
- Oslo: Ei kvinne i 60-åra omkom under bading i Sognsvann i Oslo.
- Trøndelag: Ein tysk mann i 80-åra omkom då han forsøkte å svømma etter ein båt på rek i sjøen i Melhus kommune.
- Akershus: Ei kvinne i 70-åra drukna då ho bada i eit vatn i Aurskog-Høland kommune.
I tillegg er éi ulykke er kategorisert som «Anna», etter at ein mann i 50-åra drukna etter ei sykkelulykke der han hamna i eit vann i Nordre Follo kommune i Akershus.