nyhende
Ordføraren drog fram eit gamalt løfte
Då næringsutvalet i Vestland fylkesting var på besøk i Sveio onsdag, løfta ordførar André Mundal Haukås fram fleire saker han meiner er avgjerande for vidare utvikling. Særleg kraft og samferdsel sto på agendaen.
– Me har for lite tilgang på kraft i regionen, og det merker bedriftene særleg, sa han framfor dei rundt 20 frammøtte frå utvalet og fylkesadministrasjonen.
Han viste til at trafostasjonen på Stord har nådd kapasitetsgrensa, og gjorde det klart at den største utfordringa no er nettkapasiteten.
På kommunehuset presenterte også Espen Nordtveit i Endra planane for solparken på Nesse. Haukås understreka at slike satsingar er viktige i tillegg til satsinga på auka nettkapasitet.
Ordføraren knytte også spørsmålet til den langsiktige omstillinga i regionen.
– Ein region som har basert seg på store oppdrag i olje- og gassnæringa, er avhengig av straum i stikkontakten når dei store oppdraga inn mot olje og gass tek slutt, sa han.
Minna om eit gammalt løfte
Den andre saka Haukås løfta fram, var Tjernagelvegen.
– Eg har bede om tal på tungtransporten over sambandet Buavåg–Langevåg, men får til svar at trafikken aukar så raskt at det er vanskeleg å gje gode tal på kor mange som brukar vegen, sa han.
For å understreka poenget henta han fram ein video frå kommune- og fylkestingsvalkampen i 2023. Der lova fylkesordførar Jon Askeland pengar til Tjernagelvegen-prosjektet. Haukås viste til at prosjektet blei omtalt som viktig både for folk som skal til jobb og skule, og for tungtransporten frå Bømlo.
Då videoen var over, let ordføraren blikket gli rundt i rommet, nærmast som eit spørsmål om kvar finansieringa til den viktige ferdselsåra hadde vorte av.
Viktig å koma tett på
Leiar for næringsutvalet, Sigrid Brattabø Handegard, var tydeleg då ho snakka om verdien av slike besøk.
– Me får høyra kvifor denne vegen er viktig for Sveio og næringslivet her. Det er slike inntrykk me tek med oss tilbake når me skal behandla saker både i næringsutvalet og i fylkestinget, sa Handegard.
Ved ferjeleiet i Buavåg la ho til:
– Det er noko heilt anna å snakka med folk, sjå ting og møta både kommunen og næringslivet enn å berre få noko presentert i ei saksutgreiing. Og det er ikkje vanskeleg å sjå at denne vegen ikkje er bygd for tungtransport.
Ho meinte at besøket i Sveio og resten av rundreisa i regionen gir fylkespolitikarane inntrykk dei tek med seg tilbake når saker seinare skal behandlast.
Vil vera ein medspelar og pådrivar
Handegard svara også ut utvalet si rolle knytt til nett- og kraftproblematikken.
– Nettilgang er ei utruleg viktig sak for å utvikla heile regionen. Det me gjer, er å pressa på via uttalar opp mot NVE, Statnett og Statkraft. Me kan via fylkesordføraren be om møte og løfta fram kor mykje det hastar å få på plass fyrst og fremst meir nett, men òg meir kraft i regionen for å leggja til rette for fleire arbeidsplassar i regionen.
Samtidig understreka ho at dette er ein diskusjon med fleire sider.
Utbygging av nett og kraft kan koma i konflikt med natur. Nokre stiller også spørsmål ved behovet for tilgang på meir kraft. Det er difor viktig å synleggjera og diskutera kva manglande krafttilgang har å seia for arbeidsplassar og busetting.
For ordføraren var bodskapen klar: Skal Sveio og regionen lukkast med omstilling og vekst, må nettutfordringane løysast.
På ferja over til Langevåg venta Bømlo-ordførar Morten Helland. Der understreka ordførarane at Tjernagelvegen ikkje berre er viktig for jobb, skule og tungtransport, men også som beredskapsveg dersom E39 over Bømlafjorden blir stengd over lengre tid.